Diriyah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diriyah
by
Land  Saudi-Arabia
Koordinatar 24°44′N 46°34′E
Verdsarvstad
Namn At-Turaif-distriktet i ad-Dir'iyah
År 2010 (#34)
Nummer 1329
Region Arabia
Kriterium iv, v, vi
IUCN-kategori 1329
Kart
Diriyah
24°43′0″ N 46°34′32″ E
Wikimedia Commons: Diriyah

Diriyah (arabisk الدرعية), tidlegare skrive Dereyeh[1] og Dariyya,[2] er ein by i Saudi-Arabia like nordvest for hovudstaden Riyadh. Diriyah var opphavleg heimen til den saudiarabiske kongefamilien, og tente som hovudstad i det første saudiarabiske kongedømet frå 1744 til 1818. I dag er byen sete for Diriyah guvernement, som mellom anna omfattar landsbyane Uyayna, Jubayla og Al-Ammariyyah.

Bydelen Turaif i Diriyah vart ein verdsarvstad i 2010.[3]

Stad[endre | endre wikiteksten]

Ruinane av gamlebyen i Diriyah ligg på kvar side av ein smal dal kalla Wadi Hanifa, som held fram sørover mot Riyadh og vidare på andre sida. Han består av leirsteinshus og ruinane er delt inn i tre område: Ghussaibah, Al-Mulaybeed og Turaif, på toppen av åsar med utsyn over dalen. Av desse tre er Turaif den høgaste og tilgjengeleg til fots. Delar av bymuren går langs kanten av dalen og er òg laga av leirstein. Enkelte korte vakttårn står framleis langs muren.

Den moderne byen er bygd lågare nede, ved foten av åsen der Turaif ligg. Nord for byen, inne i dalen, ligg fleire hagar, palmelundar og små gardar og eigedomar. Dammen Al-Ilb ligg lenger nord.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia til sjølve Diriyah går attende til 1400-talet. I følgje historikarar frå Nejd, vart byen grunnlagd i 1446-7 av Mani Al-Mraydi (مانع المريدي), ein av ættfedrane til den saudiarabiske kongefamilien. Mani og klanen hans kom frå området Al-Qatif aust i Arabia, og vart invitert hit av Ibn Dir' (ابن درع), som då herska over ei gruppe busetjingar som i dag utgjer Riyadh. Ibn Dir' skal ha vore ein slektning av Mani' Al-Mraydi.[2][4]

I starten slo Mani' og klanen hans seg ned i Ghusaybah (الغصيبة) og Al-Mulaybeed (المليبيد). Heile busetjinga vart kalla Al-Dir'iyah. Seinare vart Turaif (طُريف) busett.[5] Mange familiar frå andre byar eller beduinstammer i den nærliggande ørkenen, slo seg etter kvart ned i området og på 1700-talet var Diriyah ein kjend by i Nejd.


På denne tida dukka Muhammed ibn Saud opp frå ein strid innad i den regjerande familien i Al-Diriyah, Al Miqrin (مقرن) (søner av Miqrin, ein etterkomar av Mani'), og vart emiren deira i Al-Diriyah. I 1744 tok Ibn Saud inn ein religiøs lærd mann kalla Muhammed ibn Abd al-Wahhab, som kom frå byen Al-Uyaynah, i same dalen. Ibn Saud gjekk med på å implementere dei religiøse syna til Ibn Abdul Wahhab og det som seinare vart kjend som Den første saudiarabiske staten, med hovudstad i Diriyah, var fødd. Dei neste tiåra klarte Ibn Saud og etterkomarane hans å legge under seg heile Nejd, i tillegg til austlege og vestlege regionar av Arabia, og sende raid inn i Irak. Diriyah voks raskt og vart velståande. Han vart den størst ebyen i Nejd og ein storby i Arabia etter det som var standard på den tida. Då saudiarabarane erobra dei heilage byane Mekka og Medina tergar dei på seg Det osmanske riket, den islamske stormakta på den tida, og det førte til den osmansk-saudiarabiske krigen 1811–1818 og ein invasjon av Arabia av osmanske og egyptiske styrkar. Dette enda den saudiarabiske staten i 1818 etter at Diriyah kapitluerte etter ei nesten eitt år lang kringsetjing. Leiaren for invasjonsstyrken, Ibrahim Pasja, gav ordre om å øydeleggje Diriyah. Då eit medlem av den lokale adelen prøvde å gjenopprette Wahhabi-staten i Diriyah, gav Ibrahim ordre om å øydeggje byen ytterlegare og setje det som var att i brann. Då saudiarabarar kom seg på fote att i 1824 og igjen i 1902, flytta dei hovudstaden sin sørover til Riyadh, der han har lege sidan.[6]

Dei opphavlege innbyggjarane i Diriyah drog der frå i 1818 og dei fleste flytta til Riyadh. Diriyah stod tom i nesten 200 år, før området vart busett på ny seint på 1900-talet, dei fleste tidlegare nomadar (beduinar), og ein ny by vart grunnlagd av den saudiarabiske staten seint i 1970-åra.[7] Denne nye Diriyah voks og er i dag ein liten, men moderne by og sete i sitt eige guvernement.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dereyeh» i Encyclopædia Britannica, 9th ed., Vol. VII. 1879.
  2. 2,0 2,1 Rentz, G. «al- Dir'iyya (or al-Dariyya).» Encyclopaedia of islam. Edited by: P. Bearman, Th. Bianquis, C.E. Bosworth, E. van Donzel and W.P. Heinrichs. Brill, 2007. Brill Online. CDL. 5. november 2007 [1][daud lenkje]
  3. [2]
  4. Al-Juhany, U.M., Najd before the Salafi Reform Movement, Ithaca Press, 2002, ISBN 0-86372-401-9.
  5. "al-Diriya." Encyclopaedia of islam. Edited by: P. Bearman, Th. Bianquis, C.E. Bosworth, E. van Donzel and W.P. Heinrichs. Brill, 2007. Brill Online. 3. april 2007
  6. Lacey, Robert (1982). The Kingdom. New York: Harcourt Brace Jovanovich. s. 60–63. ISBN 0-15-147260-2. 
  7. Ionis Thompson, Desert Treks from Riyadh, Stacey International, London, UK, 1994, s. 6–7, ISBN 0-905743-76-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Diriyah