Dirofilaria repens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dirofilaria repens
Dirofilaria repens
Dirofilaria repens
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Rundormar Nematoda
Klasse: Secernentea
Underklasse: Spiruria Spiuria
Orden: Spirurida
Familie: Onchocercidae
Slekt: Dirofilaria
Art: D. repens
Vitskapleg namn
Dirofilaria repens

Dirofilaria repens er ein parasittisk rundorm som påverkar hundar og andre rovdyr, så som kattar, ulv, prærieulv, rev og sjøløve, i tillegg til bisam. Parasitten vert overført av mygg. Sjølv om menneske kan smittast, vil som regel ikkje ormane nå vaksen alder i ein menneskekropp.[1]

Epidemiologi[endre | endre wikiteksten]

Dirofilaria repens er oftast funne i Middelhavsregionen, Afrika sør for Sahara og Aust-Europa. Italia har den høgaste byrda av europeiske dirofilariasistilfelle hjå menneske - 66 %, etterfølgd av Frankrike (22 %), Hellas (8 %) og Spania (4 %).[treng kjelde]

Livssyklus[endre | endre wikiteksten]

Myggen kan overføre parasitten til menneske ved at myggen får i seg embryo frå parasitten når han syg blod. I myggen utviklar embryoet seg til ein larve, og når myggen syg blod frå eit dyr eller menneske, nyttar larven høvet til å kravle inn i den nye verten. Der utviklar han seg til ein vaksen orm.[treng kjelde]

Livssyklysen til Dirofilaria repens

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. AS, TV 2, «Det så ut som en blemme - så begynte den å bevege seg», TV 2 (på bokmål), henta 30. april 2019