Dischma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dischma frå Uf den Chaiseren

Dischma er ein dal i kommunen Davos i Sveits. Han er den midterste av tre lange, slake, parallelle fjelldalar som strekkjer seg søraust frå Davosplatået mot Engadin. I nordaust ligg Flüela og i sørvest ligg Sertigdalen. Dischmadalen vert drenert av Dischmabach. Dalbotnen ligg om lag 1500-2000 moh. Dei viktigaste sidedalane er Rüedisch Tälli og Rinertälli.

Det ligg fleire små busetnader og fjellenger i dalen. Av dei viktigaste finn ein In den Büelen, Wildi, Uf den Chaiseren, In den Stücken, Stillberg, Hof, Teufi, Boden, Gadmen, Am Rin, Grossalp og Dürrboden.

I enden av dalen går det to pass over til Engadin: Scalettapasset og Fuorcla Grialetsch. Dette passet var viktig i seinmellomalderen og tidleg moderne tid for vinimport frå Valtellinadalen til Davos. Øvst i dalen ligg Scalettabreen mellom Piz Grialetsch (3131 moh) og Scalettahorn (3068 moh).

Av fjell på Flüelasida finn ein Schwarzhorn, Piz Radönt, Sentischhorn og Baslersch Chopf. På Sertigsida finn ein Bocktenhorn, Jatzhorn og Jakobshorn, som er omgjeven av skiheisar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°46′33″N 9°52′12″E