Discoteque

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Discoteque»
Song av The Roop
Land Litauen
Språk Engelsk
Utgjeve 21. januar 2021
Sjanger Pop, elektropop
Lengd 03:01
Selskap Warner Music
Komponist Vaidotas Valiukevičius, Robertas Baranauskas, Mantas Banišauskas, Ilkka Wirtanen
Tekstforfattar Vaidotas Valiukevičius, Mantas Banišauskas, Kalle Lindroth
Låtskrivar(ar) Vaidotas Valiukevičius, Robertas Baranauskas, Mantas Banišauskas, Laisvūnas Černovas, Kalle Lindroth, Ilkka Wirtanen

«Discoteque» ('diskotek') er ein popsong som vert framført av det litauiske bandet The Roop.[1] Songen vann den litauiske songtevlinga Pabandom iš naujo! i februar 2021, og representerte Litauen i Eurovision Song Contest same år i Rotterdam i Nederland.[2] Der enda songen på åttandeplass.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

The Roop vann den litauiske finalen Pabandom iš naujo! 2020 med låten «On Fire». Låten gjekk til topps på den litauiske singellista etter den nasjonale finalen, og skulle ha representert Litauen i Eurovision Song Contest 2020, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. Som plaster på såret tilbaud den litauiske kringskastaren LRT The Roop ein plass i finalen av Pabandom iš naujo! 2021.

The Roop vann både telefon- og juryavrøystinga i den litauiske finalen laurdag 6. februar 2021. Songen fekk 74 512 telefonrøyster – langt framfor andreplassen, som berre fekk 6 413 røyster.[3]

«Discoteque» vart svært populær etter utgjevinga, og berre dagar etter hadde låten hatt over 1 million visingar på YouTube.[4] «Discoteque» gjekk òg til topps på den litauiske Spotify-lista og singellista AGATA.[4][5] Etter den litauiske finalen var «Discoteque» favoritt til å vinne Eurovision Song Contest 2021, ifølgje spelselskapa.[6] Sidan fall songen noko nedover på veddemålslistene og låg rundt tiandeplass før finalen.[7]

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje The Roop handlar «Discoteque» om ei «personleg indre frigjering» og det å sleppa seg sjølv fri. «Vi lever i ei fri verd, men ofte er det eins eige indre som avgrensar oss», sa frontfiguren Vaidotas Valiukevičius i ei pressemelding.[8] Bandet avsløra òg at dei hadde feilstava discotheque med vilje, altså utan H-en. «Dette er fordi dette er eit dansegolv heilt for seg sjølv», kommenterte bandet.[8]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Discoteque» deltok i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland tysdag 18. mai. Der enda låten på fjerdeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai. I finalen mottok songen til saman 220 poeng og enda på ein åttandeplass. Dette var den nest beste plasseringa til Litauen sidan debuten i 1994; den beste plasseringa til Litauen er ein sjetteplass frå 2006.[9]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2021) Høgaste

plassering

Belgia (Ultratip Flandern)[10] 4
Finland (Suomen virallinen lista)[11] 19
Hellas (IFPI)[12] 42
Island (Tónlistinn)[13] 23
Irland (IRMA)[14] 75
Litauen (AGATA)[15] 1
Nederland (Single Top 100)[16] 49
Storbritannia (UK Download)[17] 35
Sverige (Sverigetopplistan)[18] 39

Utgjevingshistorikk[endre | endre wikiteksten]

Region Dato Format Merke Ref.
Diverse 21. januar 2021 Digital nedlasting, strøyming Musica Publica [5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Discoteque - Single by THE ROOP» (på engelsk). Henta 6. februar 2021. 
  2. «The Roop wins in Lithuania» (på engelsk). 6. februar 2021. Henta 6. februar 2021. 
  3. «Lithuania: The Roop will sing "Discoteque" at Eurovision 2021» (på engelsk). 6. februar 2021. Henta 6. februar 2021. 
  4. 4,0 4,1 «The Roop's 'Discoteque' Video Passes One Million Views and Tops Spotify» (på engelsk). 24. januar 2021. Henta 6. februar 2021. 
  5. 5,0 5,1 «Discoteque - Single by The Roop on Apple Music». Apple Music. Henta 6. februar 2021. 
  6. «Odds Eurovision Song Contest 2021». Henta 6. februar 2021. 
  7. «Odds Eurovision Song Contest 2021». Henta 4. august 2021. 
  8. 8,0 8,1 «"It is OK to dance alone" — The Roop's "Discoteque" lyrics encourage you to accept yourself the way you are» (på engelsk). 22. januar 2021. Henta 4. august 2021. 
  9. «Lithuania – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 21. februar 2020. 
  10. «The Roop - Discoteque - ultratop.be». Henta 4. august 2021. 
  11. «The Roop – Discoteque» (på finsk). Suomen Virallinen Lista. Henta 4. august 2021. 
  12. «Official IFPI Charts Digital Singles Chart (International) Week: 21/2021». IFPI Greece. 7. juni 2021. Arkivert frå originalen 5. september 2021. 
  13. «Tónlistinn – Lög» [The Music – Songs] (på islandsk). Plötutíðindi. Arkivert frå originalen 5. juni 2021. Henta 3. juli 2021. 
  14. «IRMA – Irish Charts». Irish Recorded Music Association. Henta 29. mai 2021. 
  15. «2021 5-os savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). Henta 6. februar 2021. 
  16. «The Roop - Discoteque». Dutch Charts. Henta 4. august 2021. 
  17. «Official Singles Downloads Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 4. august 2021. 
  18. «swedishcharts.com - The Roop - Discoteque». Henta 4. august 2021.