Hopp til innhald

Discovery Travel & Living

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Discovery Travel & Living Europe var ein fjernsynskanal frå Discovery Communications. Kanalen sender til land i Europa. Andre utgåver av kanalen sender til land i Asia og Latin-Amerika.

I Noreg er Discovery Travel & Living tilgjengeleg hjå Canal digital og GET. I 2009 sendte kanalen kjende seriar som Miami Ink, LA Ink, Jon & Kate pluss 8, Små folk, stor verden, i tillegg til What not to wear, Mens du var ute og Husspekulantene. Kanalen er hovudsakleg erstatta med kanalen TLC.