Discovery av Electric Light Orchestra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Discovery
album av Electric Light Orchestra
Utgjeve 31. mai 1979 (UK)
8. juni 1979 (US)
Innspelt Mars-april 1979, Musicland Studios, München i Tyskland
Sjanger Symfonisk rock, poprock, disco
Lengd 38:53
Selskap Jet
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi
The Light Shines On Vol 2
(1979)
Discovery ELO's Greatest Hits
(1979)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Smash Hits8/10[2]

Discovery er det åttande studioalbumet til det britiske symfoniske rockebandet Electric Light Orchestra (ELO). Det kom ut i 1979.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Discovery var det første albumet deira som gjekk til topps på albumlista i Storbritannia.[3] Det gjekk rett inn på toppen av lista og låg der i fem veker.[3] Albumet inneheld fem hitsongar med «Shine a Little Love», «Don't Bring Me Down», «Last Train to London», «Confusion» og «The Diary of Horace Wimp», dei fleste av dei kraftig påverka av disco (Richard Tandy kom opp med namnet på albumet, Disco Very).[4] «Don't Bring Me Down» var ein av berre to singlar som nådde topp tre på den britiske singellista (den andre var «Xanadu» i 1980), og singelen deira som nådde høgast på den amerikanske singellista med ein fjerdeplass. «The Diary of Horace Wimp» vart òg ein hit i Storbritannia, men var ikkje i disco-stil. Han var meir Beatles-liknande slik den tidlegare hitten deira «Mr. Blue Sky» hadde vore. Sjølve albumet var det første som skapte fire topp ti-singlar i Storbritannia (ein av dei var ei dobbel A-side) og selde etter kvart til dobbel platinaplate i USA (1997).

Discovery var det første ELO-albumet som ikkje hadde med ein fast stryketrio, som dei siste åra hadde vore Mik Kaminski, Hugh McDowell og Melvyn Gale. Dei er med på musikkvideoane til songane frå albumet, som vart laga erstatning for at det ikkje vart ein konsertturne etter albumet. Kort tid etter valte leiaren Jeff Lynne å sparke dei, sjølv om Kaminski spelte på Time-turneen i 1981-82, albumet Secret Messages i 1983 og Balance of Power-turneen i 1986.

Discovery vart mastra på ny som ein del av Epic/Legacy-serien i 2001. Av bonusspora var ein coverversjon av Del Shannon-klassikaren «Little Town Flirt», som vart påbyrjra under innspelinga av albumet, men ikkje gjort ferdig før det året albumet kom ut på ny i 2001.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Jeff Lynne, utanom «Little Town Flirt» skriven av Maron McKenzie og Del Shannon..

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Shine a Little Love»4:43
2.«Confusion»3:42
3.«Need Her Love»5:11
4.«The Diary of Horace Wimp»4:17
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Last Train to London»4:32
6.«Midnight Blue»4:19
7.«On the Run»3:55
8.«Wishing»4:13
9.«Don't Bring Me Down»4:02
Bonusspor på 2001-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«On the Run» (Home Demo)1:01
11.«Second Time Around» (Home Demo)0:43
12.«Little Town Flirt»2:53

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande
  • Macklydteknikar
  • Jeff Lynne, Richard Tandy og Louis Clark – Orkester- og korarrangement
  • Al Quaglieri – Produsent på nyutgjeving (2001)

Medverkande i musikkvideoane[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart særs populært i Noreg der det låg heile 12 veker på toppen av VG-lista og 34 veker i alt på Topp 40.

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979–80) Plassering
Australian K ent Music Report Album Chart[5] 1
Austerrike[6] 3
Canadian RPM Album Chart[7] 3
Nederlandsk albumliste - MegaCharts[8] 3
Frank albumliste - SNEP[9] 2
Italiensk albumliste[10] 4
Japansk albumliste - Oricon[11] 31
New Zealand[12] 2
Norsk albumliste - VG-lista[13] 1
Sverige[14] 2
UK Album Chart[15] 1
US Billboard 200[16] 5
US (CashBox) 5
West German Media Control Album Chart[17] 7

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979) Plassering
Australia[5] 2
Austerrike[18] 6
Canada[19] 5
Frankrike[20] 16
Italia[10] 15
UK Album Chart[21] 2
US Billboard Year-End[22] 74
Liste (1980) Plassering
Australia[5] 48
UK Album Chart[21] 89


Føregangar
Voulez-Vous
ABBA
Toppen av VG-lista
Electric Light Orchestra

12 veker, veke 25–36, 1979
Etterfylgjar
Slow Train Coming
Bob Dylan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. Starr, Red. «Album». Smash Hits (14–27 June 1979): 25. 
  3. 3,0 3,1 «Electric Light Orchestra». Offfical Charts Company. Henta 15. februar 2015. 
  4. Wild, David. «The Story of a Rock and Roll Band and the Pop Genius Who Dared to Go Baroque.» Flashback.
  5. 5,0 5,1 5,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  6. «austriancharts.at Electric Light Orchestra – Discovery» (ASP). Hung Medien (på tysk). Henta 15. februar 2015. 
  7. Library and Archives Canada. Henta 15. februar 2015
  8. «dutchcharts.nl Electric Light Orchestra – Discovery» (ASP). dutchcharts.nl (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 15. februar 2015. 
  9. «InfoDisc : Tous les Album classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste : Electric Light Orchestra». infodisc.fr. Henta 15. februar 2015. 
  10. 10,0 10,1 «Hit Parade Italia - Gli album più venduti del 1978» (på Italian). hitparadeitalia.it. Henta 15. februar 2015. 
  11. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970-2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  12. «charts.org.nz Electric Light Orchestra – Discovery» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 15. februar 2015. 
  13. «norwegiancharts.com Electric Light Orchestra – Discovery» (ASP). Hung Medien. VG-lista. Henta 15. februar 2015. 
  14. «swedishcharts.com Electric Light Orchestra – Discovery» (ASP). Sverigetopplistan. Henta 15. februar 2015. 
  15. «Chart Stats - Electric Light Orchestra – Discovery» (PHP). UK Album Chart. Henta 15. februar 2015. 
  16. «allmusic ((( Discovery > Charts & Awards > Billboard Album )))». allmusic.com. Henta 15. februar 2015. 
  17. «Album Search: Electric Light Orchestra – Discovery» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 15. februar 2015. 
  18. «Austriancharts.st - Jahreshitparade 1979» (ASP) (på tysk). Hung Medien. Henta 1 August 2010. 
  19. «RPM Top 100 Album of 1979». RPM. Henta 3 October 2011. 
  20. «Les Album (CD) de 1979 par InfoDisc» (PHP) (på French). infodisc.fr. Henta 11 February 2012. 
  21. 21,0 21,1 «Complete UK Year-End Album Charts». Henta 12 September 2011. 
  22. «Top Pop Album of 1979». billboard.biz. 31 December 1979. Henta 15. februar 2015.