Disko av LPS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Disko»
Song av LPS

Land Slovenia
Språk Slovensk
Utgjeve 1. april 2022
Sjanger Jazz, storband, pop
Lengd 02:57
Selskap Eige forlag
Låtskrivar(ar) Filip Vidušin, Žiga Žvižej, Gašper Hlupič, Mark Semeja, Zala Velenšek, Jakob Korošec

«Disko» er ein slovensk jazzinspirert storbandlåt frå 2022, utgjeven av det slovenske bandet LPS. Låten er skriven av bandet sjølv og vann den slovenske songtevlinga EMA laurdag 19. februar 2022. Låten vart utgjeven kommersielt 1. april same år og var det slovenske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[1]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Disko» er skriven av det slovenske bandet LPS. Songen har element av jazz, storbandmusikk og pop, og han har slovensk tekst. Songen vart fyrste gong offentleggjord på nettsidene til RTVSLO 26. november 2021, saman med dei andre deltakarlåtane i EMA 2022.[2] «Disko» vart offisielt gjeven ut på strøymetenester 1. april 2022.[1]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

EMA 2022[endre | endre wikiteksten]

Hausten 2021 sende bandet songen inn til den slovenske musikktevlinga EMA 2022, der vinnaren fekk representere Slovenia i Eurovision Song Contest 2022. Arrangøren, RTVSLO, fekk inn 127 låtar.[3] LPS fekk delta i førehandstevlirnga EMA Freš som vart arrangert 28. januar 2022. Der kvalifiserte «Disko» og tre andre låtar seg til hovudtevlinga EMA i februar.[4]

Hovudtevlinga bestod av to semifinalar 5. og 12. februar 2022, med finalen laurdag 19. februar. I kvar semifinale deltok ti låtar – åtte av etablerte artistar og to deltakarar frå EMA Freš. «Disko» deltok i den andre semifinalen laurdag 12. februar og kvalifiserte seg til finalen etter å ha vunne semifinalen.[5][6] I finalen 19. februar deltok tolv låtar, og «Disko» vann til slutt tevlinga med 103 poeng. Gjennom sigeren vart «Disko» det slovenske bidraget i Eurovision Song Contest 2022.[7]

I Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Disko» deltok i den fyrste semifinalen i Pala Olimpico i Torino tysdag 10. mai 2022.[8] Der endte han sist blant 17 bidrag, og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 14. mai 2022.[9]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Chart performance for "Disko"
Liste (2022) Høgaste
plassering
Flagget til Litauen Litauen (AGATA)[10] 35

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Disko - Single by LPS» (på engelsk). 1. april 2022. Henta 1. mai 2022. 
  2. «Na Emi Freš se bo pomerilo 24 izvajalcev». RTVSLO.si (på slovensk). Henta 26. november 2021. 
  3. «🇸🇮 Slovenia: 127 Songs Submitted For EMA and EMA FREŠ 2022». Eurovoix (på engelsk). 24. november 2021. Henta 1. mai 2022. 
  4. Farren, Neil (28. januar 2022). «🇸🇮 Slovenia: EMA Freš 2022 Results». Eurovoix (på engelsk). Henta 1. mai 2022. 
  5. Granger, Anthony (20. februar 2022). «🇸🇮 Slovenia: RTVSLO Releases The Full Results of EMA 2022 & EMA Freš». Eurovoix (på engelsk). Henta 1. mai 2022. 
  6. Popescu, David (19. februar 2022). «Slovenia: LPS will bring the "Disko" to Turin!». ESCUnited (på engelsk). Henta 19. februar 2022. 
  7. «Slovenia: LPS will grab a pizza the action in Italy 🇸🇮». Eurovision.tv (på engelsk). 19. februar 2022. Henta 1. mai 2022. 
  8. «First Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 1. mai 2022. 
  9. «LPS - Slovenia - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022. 
  10. «2022 20-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 20. mai 2022. Henta 20. mai 2022.