Diskobukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

69°22′49.127″N 51°50′0.58560″W / 69.38031306°N 51.8334960000°W / 69.38031306; -51.8334960000

Diskobukta
bukt
Land  Grønland
Kart
Diskobukta
69°N 52°W / 69°N 52°W / 69; -52
Kart over Diskobukta (skravert felt).
Kart over Diskobukta (skravert felt).
Kart over Diskobukta (skravert felt).
Wikimedia Commons: Disko Bay

Diskobukta er eit havområde som ligg innanfor øya Disko (Qeqertarsuaq), på vestkysten av Grønland. Ho er den største opne bukta på Vest-Grønland, med ei lengd på 150 km frå nord til sør og 100 km aust til west. Gjennomsnittdjupna er 400 m og gjennomsnittstemperaturem i vatnet er 3,5 °C. Om vinteren er han nede i −1,75 °C, og om sommaren stig han til 12 °C.[1] Although, this is changing, as it has been gradually warming up since 1997.[2] Ilulissatfjorden, som er på UNESCO si verdsarvliste, munnar ut i Diskobukta.

Nord for busetnaden Ilulissat og vest for Alluttoqøya går bukta over til Sullorsuaqsundet, som skil Qeqertarsuaq frå Nuussuaqhalvøya.[3] I sør er kystlina komplisert av fleire skjer og småøyar i Aasiaat-arkipelaget. Qasigiannguit og Ilimanaq er dei største busetnadane i søraustdelen, like sør for utløpet av Ilulissat isfjord.

Isfjell og båt i Diskobukta

Soge[endre | endre wikiteksten]

Det er usikkert kva tid inuittar fyrst la ut i Diskobukta, men Saqqaqkulturen var på staden mellom 2400 og 900 f.Kr.[4]

Området rundt Diskobukta blei oppdaga av europearar då Eirik Raude grunnla den norrøne busetninga på Grønland. Bukta skal då ha vore folketom. Vesterbygd, som blei fråflytta på slutten av 1300-talet, utgjorde den viktigaste bastionen for kvalrossfangsten som var hjørnesteinen i den norrøne eksportøkonomien frå Grønland i mellomaldern. Seglasen frå Austerbygd og Vesterbygd til fangstfelta i Diskobukta der kvalrossen heldt til, er som den frå Oslo til Finnmark. Drivis gjer farvatnet farleg; isfjellet som seinare senka «Titanic» kom herfrå.[5]

I Diskobukta flyt det is året rundt.

På fastlandssida av Diskobukta ligg mellom anna byane Ilulissat, Qasigiannguit og Aasiaat, og på Diskoøya ligg Qeqertarsuaq (Godhavn).

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Knølkval i Diskobukta

Vatnet i bukta er næringsrikt, og ho husar bentiske og pelagiske fiskar som lodde (Mallotus villosus) og torsk (Gadus morhua). Dette trekk til seg selar som grønlandssel (Pagophilus groenlandicus), klappmyss (Cystophora cristata), ringsel (Pusa hispida) og storkobbe (Erignathus barbatus).[1]

Om våren husar bukta grønlandskval (Balaena mysticetus), knølkval (Megaptera novaeangliae),[6] grindkval (Globicephala melas), spekkhoggar (Orcinus orca) og narkval (Monodon monoceros).[1] Det finst også ulike fuglar som måke, terne, ærfugl, lomvi, krykkje, skarv og havhest. På land rundt bukta finst det også polarrev, polarhare og rype.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Morten Meldgaard (2004). Ancient Harp Seal Hunters of Disko Bay. s. 17-18. 
  2. Myers, Paul G.; Ribergaard, Mads H. (December 2013). «Warming of the Polar Water Layer in Disko Bay and Potential Impact on Jakobshavn Isbrae». Journal of Physical Oceanography 43 (12): 2629–2640. doi:10.1175/JPO-D-12-051.1. 
  3. Nuussuaq, Saga Map, Tage Schjøtt, 1992
  4. Grønnow, Bjarne (31. mars 2017). «The frozen Saqqaq sites of Disko Bay. Quqertasussuk and Qajaa (2400-900 BC). Studies of Saqqaq Material Culture in an Eastern Artic Perspective». humanities.ku.dk. Henta 18. august 2017. 
  5. Christian Keller: «Hvorfor bosatte vi oss på Grønland?», P2-akademiet bind XXXVI (s. 110-11), ISBN 9788275961608
  6. Laidre, Kristin L.; Heide-Jørgensen, Mads Peter (1 September 2012). «Spring partitioning of Disko Bay, West Greenland, by Arctic and Subarctic baleen whales». ICES Journal of Marine Science 69 (7): 1226–1233. doi:10.1093/icesjms/fss095. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Diskobukta