Diskontinuitetsflate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei diskontinuitetsflate er ei flate med diskontinuerleg eller sprangvis endring av ein storleik frå den eine til den andre sida. Dette kan til dømes vere temperatur eller luftfukt.

Strengt tatt finst det matematisk sett sjeldan diskontinuitetsflater i havet og atmosfæren, men det er like vel ofte nyttig å sjå på smale og utprega overgangssjikt som diskontinuitetsflater. I meteorlogien vert frontar mellom luftmassar rekna som diskontinuitetsflater i temperatur, tettleik, vind og trykkgradient.

I geologien vert uttrykket nytta om grenseflater eller grensesoner i det indre av jorda, der ein registrerer brå endringar av dei fysiske eigenskapane til materialet. Dette gjer mellom anna at seismiske bølgjer endrar fart og retning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«diskontinuitetsflate» i Store norske leksikon, snl.no.