Diskusjon:Ólafur Ragnar Grímsson

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg ser ein kommentar her og stiller spørsmålet: Skal islendingar sorterast etter førenamn, i tilfelle kvifor? --EIRIK\diskusjon 21. des. 2005 kl. 22:10 (UTC)

Ja, islendingar skal sorterast etter førenamn. Islandske etternamn er det få av — Laxness er eitt av dei — og det som ser ut som etternamn er i dei fleste fall berre fars- (eller mors-)namn. Dermed blir det med islendingar som det òg er med dei fleste ikkje-adelege, ikkje-sefardiske og ikkje-muslimske europearar i mellomalderen: Førenamnet er hovudsorteringselementet. -- Olve 21. des. 2005 kl. 22:24 (UTC)
Eg meiner eg er blitt forklart ein gong at ettersom islendingar ikkje (eller i svært liten grad) nyttar slektsnamn (etternamn), har dei gjort det til regel å sortera namnelister etter førenamn. Men rett meg dersom eg tek feil! :) --PerPlex 21. des. 2005 kl. 22:29 (UTC)
Ja, då har eg lært noko nytt i dag òg. :-) --EIRIK\diskusjon 21. des. 2005 kl. 22:33 (UTC)
Det som er litt kjekt her er at Wikipedia sorterer på islandsk vis. Med mindre ein grip inn (og set det siste namnet fyrst i kategori-taggen) vert alle sortert etter det fyrste namnet. --Jorunn 22. des. 2005 kl. 00:21 (UTC)

Defaultsort er naudsynt[endre wikiteksten]

Defaultsort:Olafur, etc... som eg la inn, vart tilbakestilt fordi nokon meinte det var unødvendig. Gjer merksam på at det er nødvendig, for elles blir namnet alfabetisert heilt sist i alfabetet under forbokstaven Ó - som ikkje er ein norsk bokstav. For å få det korrekt alfabetisert under O trengst defaultsort. --Barend 14. mars 2010 kl. 19:23 (CET)[svar]