Diskusjon:Økonomi

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

februar 2011[endre wikiteksten]

Eg skal ta tak i denne artikkelen, men tek gjerne imot innspel. Tittelen er økonomi og han lenkjer mellom anna til economy og wirtschaft. Ikkje til economics og wirtschaftswissenschaft. Innhaldet går derimot på økonomifaget. Bokmålswiki har ein artikkel som dekkjer både økonomi som samfunnsovring og økonomi som fag. Det er eit alternativ for oss òg, men eg trur det er betre med ulike artiklar som på engelsk og tysk. (Me har alt ein liten ein på samfunnsøkonomi som er mykje lik denne.) Grunnen er, motsett andre vitskapar og "vitskapar" at dei to flyttar seg vekk frå kvarandre. Økonomi som samfunnsovring handlar om produksjon, fordeling og forbruk av varer og tenester. Økonomifaget/samfunnsøkonomien/økonomikken er i aukande grad ein metode som vert brukt på veldig mange område.

Eg trur elles det er noko feil å seia at bedriftsøkonomi "kan sjåast på som mikroøkonomi i bruk". --Sigbjørn 4. februar 2011 kl. 09:09 (CET)[svar]

Omdirigering? Fleirtydingsside?[endre wikiteksten]