Diskusjon:Ørken

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikkelen startar med definisjonen Ørken er ei nemning på eit landområde som over tid har svær lite nedbør. Lenger ned skriv ein om ørkenspreiing. Anten har ein då bytta definisjon eller så kjem det mindre og mindre nedbør i områda rundt ørkenen. Dersom det siste er tilfellet hadde det vore interessant å lese ei forklaring eller teori om fenomenet. --Ekko 28. april 2009 kl. 21:41 (CEST)[svar]

Artikkelen har store manglar. Isørkenar burde jo t.d. vore nemnde. Ørkenspreiing gjeld alltid varme ørkenar, dvs eg har alltid høyrt om ørkenspreiing i samband med isørkenar og det eksisterer nok ikkje heller. Definisjonen på (varm) ørken er ikkje beint fram knytt til ei fast nedbørgrense, men er avhengig av temperaturen. Grenseverdien finn ein ved å multiplisere den årlege normaltemperaturen med 20. For å verte klassifisert som ørken må det kome mindre enn halvparten av dette. La oss sei temperaturen er 20 ºC. 20 x 20 er 400, og det må då altså kome mindre enn 200 mm nedbør i året for at det skal verte kalla ørken. La oss sei då at områda rundt ørkenen har om lag 250 mm nedbør, og derfor ikkje vert definert som ørken (men framleis har tørt klima). Dette er kanskje nok nedbør til at det kan oppretthalde ein viss vegetasjon. Når t.d. sand bles inn over eit område som tidlegare var dekka av vegetasjon endrar strålingstilhøva seg over den nye flata. I dei fleste tilfelle vil dette auke temperaturen. La oss sei den nye temperaturen vart 25 ºC. Grenseverdien for at det skal verte kalla ein ørken vert då 250 mm, og sjølv om nedbørstilhøva er dei same har ein fått spreidd ørkenen. --Frokor 28. april 2009 kl. 22:13 (CEST)[svar]
Dette var jo kjempeinteressant! Spesielt det med at nedbørsgrensa er relativ. --Ekko 29. april 2009 kl. 00:05 (CEST)[svar]