Diskusjon:Øya Karmøy

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ueinig i fletteforslag, fordi kommunen Karmøy omfattar meir enn berre øya. Og viss ikkje: Kvifor har me Tysnesøy når me har Tysnes? Kvifor har me Andøya når me har Andøy? --Frokor 21:21, 6 april 2008 (CEST)

Jf. Irland! -Knut 22:06, 6 april 2008 (CEST)
Eg er òg usamd i fletting. (Om ein skal gjere det sånn vert det fort at ein får eigne artiklar som nb:Feøy og nb:Salvøy, medan det ikkje vert eigen artikkel om øya Karmøy. Slik vert det også med t.d. byar som heiter det same som kommunen, det vert eigen artikkel om Hønefoss og Egersund, men ikkje om byen Bergen, sjølv om det vert eigen artikkel om t.d Trengereid.) --Jorunn 22:51, 6 april 2008 (CEST)
Ei slik splitting er vanskeleg på fleire plan. Det kan vera vanskeleg å vita kvar informasjon høyrer heime, og som døma til Frokor viser, blir det ofte slik at éin artikkel har mykje informasjon som kunne passa i den andre, men som ikkje er der. Jo fleire artiklar om nokolunde same tingen, jo fleire oppdateringar og rettingar treng me, og jo meir sannsynleg blir det at minst ein artikkel om emnet blir gøymd, for lesarar såvel som skrivarar. Eg synest me skal skriva om Bergen under Bergen, og Karmøy under Karmøy, i det minste fram til artikkelen om dei er så solid at det kan forsvarast å bruka krefter på ein til om dei. --Ranveig 11:28, 7 april 2008 (CEST)