Diskusjon:Øyar i Hellas

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg har starta eit Sisyfos-arbeid med å gå gjennom alle dei greske øyane og rydde opp i transkripsjon m.m. Førebels har eg starta med Dodekanesane, som eg kjenner best. I denne lista er det uhorveleg mange raude lenkjer, altså artiklar som ikkje finst (enno). Mange, mange av dei kjem aldri til å bli nokon artikkel, og då verkar det ikkje så bra med alt det raude, synest eg. Eg har difor teke til å stryke alle dei øyane som ikkje har artikkel på noko anna språk (inkludert gresk), for det meste små steinklumpar i havet. Dei som har artikkel på engelsk eller gresk lar eg stå, så kan det hende eg får inspirasjon til å skildre dei seinare. Eg samkøyrer med Mal: Dodekanesane og følgjer same prinsippet der. Dersom nokon synest at alt smått skal vere med, kan eg setje dei inn att seinare (men då bør dei stå utan raude lenkjer, berre som nanmn i lista). I malen bør dei i alle fall ikkje inn att. Synspunkt? T*U 1. april 2011 kl. 10:20 (CEST)[svar]

Det høyrest lurt ut. Om du er usikker på om noko kjem til å få artikkel eller ikkje, kan du bruka malen {{ikkjeraud}}. Den lager berre lenkje om sida finst. --Ranveig 1. april 2011 kl. 10:40 (CEST)[svar]