Diskusjon:Øystein Dolmen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg kan skjøna at nokon finn det uinteressant at ein artist er frimurar. Nynorsk Wikipedia har ikkje ein gong ein artikkel om frimureri. Det kan vi gjerne vere usamde om. Men at ein utskrift av den norske frimurar-matrikkelen, som Magazinet har gjort søkbar, ikkje skal reknast som ei truverdig kjelde har eg mindre sans for. Kanskje andre har meiningar om denne informasjonen skal haldast utanom artikkelen? __meco 01:46, 6 november 2007 (CET)

Eg ser det ikkje som interessant om Dolmen er medlem av ein losje, sjølv om kjeldene for medlemskapet kan vere gode nok. Derimot skulle vi hatt ein artikkel om frimurarlosjen, så her har Meco eller andre ei utfordring. -Knut 07:21, 6 november 2007 (CET)
her fjerna eg min eigen bråkjappkjekke feilslutting.--Ekko 10:30, 6 november 2007 (CET)