Diskusjon:2000-talet

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Setninga «2000-talet såg ein sterk vekst ...» bør vel endrast til «det fyrste tiåret av 2000-talet såg ein sterk vekst ...». Å spå er generelt vanskeleg, spesielt om framtida.... --Sigmundg 24. juni 2009 kl. 00:26 (CEST)[svar]

Ikkje heilt balansert?[endre wikiteksten]

At USA vart den dominerande militære supermakta etter at Sovjetunionen braut saman er det vel semje om, men at det er den einaste supermakta kan vel diskuterast. Sjølv om dei fleste media vil ha det til at USA er den einaste supermakta skal ein ikkje gløyma at Russland framleis er ei sterk militærmakt.

Det som står om terrorisme var rart, både språkleg og innhaldsmessig. Om ein ser på skadeverknadane av handlingar utførte av såkalla terrorgrupper er dei små samanlikna med skadane utført av statar (statsterrorisme). Kor mange irakarar har USA drepe etter at dei okkuperte landet? Kor mange afganarar har NATO drepe etter at dei okkuperte landet? Kor mange tsjetsjenerar har Russland drepe? Statar som okkuperer andre statar kallar gjerne dei som slest for å frigjera landet sitt for terroristar. --Sigmundg 24. juni 2009 kl. 00:48 (CEST)[svar]

Det er sant det du seier. Artikkelen bør skrivast om av kyndige. Helsing frå Martin 24. juni 2009 kl. 13:24 (CEST)[svar]
Er det noko i artikkelem som treng nøytralisering/rydding no? Etter det eg kan sjå blei ryddemerka lagt inn etter at det blei gjort endringar. --Ranveig 9. mai 2010 kl. 10:13 (CEST)[svar]
Dette er skrive som ein historieartikkel, sjølv om mesteparten av 2000-talet, slik omgrepet er definert her, ikkje er «utført» enno. Det er uleksikalsk, spør du meg. Det meste som står her bør flyttast til ein artikkel om det tiåret me har lagt bak oss (2000-åra? Kva seier språkrådet at tiåret heiter?). Me bør endra denne artikkelen til meir generelle vendingar om kva som er viktig no, og som kjem til å halda fram med å vera viktig i dei neste tiåra. Som til dømes klima- og flyktningproblem og kapitalismen sine nye, globale problem (at det ikkje er nye marknadar å utvida til og at me driv rovdrift på naturen osb.). Men sjølvsagt med noko mindre politisk slagsida enn det eg har her på diskusjonssida. --Tannkrem 12. mai 2010 kl. 11:29 (CEST)[svar]

Unøytralt[endre wikiteksten]

At USA «saman med fleire andre land gjennomførte antiterroroperasjonar» må kunna seiast å vera i beste fall unøytralt, i verste fall usant. Kva er meint med den setninga? --Tannkrem 16. juni 2010 kl. 16:08 (CEST)[svar]

Antiterroroperasjonar er nytale for krigføring, meir spesifikt kanskje krigføring mot ein fiende som brukar terror som strategi. På nynorsk wkipedia bør vi kalle ein spade for ein spade, kva det no enn kan vere i dette tilfellet. --Knut 16. juni 2010 kl. 16:57 (CEST)[svar]
«Terroroperasjonar» har teke livet av nokre tusen uskuldige, mendan «statsterroroperasjonar» i Irak og Afganistan har teke livet av fleire hundre tusen, kanske ein million uskuldige. --Sigmundg 16. juni 2010 kl. 17:14 (CEST)[svar]

Har åra 2000 til 2010 noko namn?[endre wikiteksten]

Eg har nytta omgrepet «frå midten av det fyrste tiåret på 2000-talet». Finst det eit betre namn på dette? Hogne 18. januar 2011 kl. 09:57 (CET)[svar]

Vi har hatt snart hundre år på oss på å finne eit namn på «det fyrste tiåret på 1900-talet», utan å lykkast, det eg veit. --Knut 18. januar 2011 kl. 10:03 (CET)[svar]
Det er vanleg å bruka 2000-åra, eller 1900-åra, i slike høve. Dei kan ikkje mistakast for 2000- eller 1900-talet. --Ranveig 18. januar 2011 kl. 10:36 (CET)[svar]
Kva med 2000-tiåret (tjue-null-null-tiåret) jamfør en:2000s (decade)? Det er jo langt å seie men fungerer eintydig i skrift? Eg forstår at engelske termar som Naughties, Aughties og Oughties er blitt populære, men dei er ikkje rett fram å forstå for oss som kan nynorsk best.
2000-åra har akkurat no ein omdirigering til 2000-talet som på si side ikkje handlar om tusentalet men hundretalet. No (21.01.2011) er vi vel inne i 2010-åra? Hogne 21. januar 2011 kl. 14:10 (CET)[svar]