Diskusjon:ABC-våpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Artikkelnamn[endre wikiteksten]

Eg trur ABC-våpen er det vanlegaste namnet. Denne artikkelen handlar òg om ABC, ikkje ARBC. Google-søk på "ARBC-våpen" gjev seks treff, to av dei er Nynorsk Wikipedia. Ikkje akkurat innarbeidd i vanleg språkbruk. --Tannkrem 9. mai 2010 kl. 22:36 (CEST)

Vi bør vel skriva norsk på nynorsk WP. Atomvåpen, radiologiske våpen, biologiske våpen og kjemiske våpen vert då ARBK-våpen. Ein kunne kanskje ha ei omdirigering frå ARBC-våpen? --Sigmundg 9. mai 2010 kl. 22:58 (CEST)
Men er ABK- eller ARBK-våpen omgrep som finst i det norske språket i dag? Viss ikkje kan me ikkje bruka dei. Å laga oppslagsord av omgrep som ikkje finst frå før er brot på Wikipedia sine grunnleggjande retningsliner. ABC-våpen er eit omgrep som er utbreidd i det norske språket, sjølv om ABC ikkje er ei forkorting for ei norsk omsetjing av det som ABC var forkorting for i utgangspunktet. --Tannkrem 9. mai 2010 kl. 23:11 (CEST)
Jau, men dette er eit akronym. Eg veit ikkje om Språkrådet har sagt noko om dette, men eg tykkjer det vert feil å nytta andre bokstavar enn fyrste bokstavane i namnet akronymet står for. Akronymet for Dei sameinte nasjonane er SB, ikkje FN, UN eller NU. I eit levande språk lyt det vera lov å laga nye akronym utan å settja ned einn komité for kvar gong (komitéar set seg ofte godt til rette og bestiller vienerbrød). --Sigmundg 9. mai 2010 kl. 23:25 (CEST)
Nei, eit akronym er ei forkorting som vert lesen som eit vanleg ord, slik som laser, radar og SAS. Forkortinga for Dei sameinte nasjonane er SN ja, men dette er jo eit reelt omgrep som finst i språket vårt, og kan ikkje overførast til omgrep som me ikkje enno har fått ei norsk omsetjing av. Det same gjeld for LNG, USA og sikkert ei mengd andre TBF-ar med utanlandsk opphav. Oppgåva til eit leksikon må vel vera å laga oppslagsord av allereie eksisterande omgrep og forklara kva dei tyder. Å setja om sjølve omgrepet til vårt språk er Språkrådet si oppgåva. --Tannkrem 9. mai 2010 kl. 23:38 (CEST)