Diskusjon:Adalstein av England

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvifor har me eit engelsk namn her?[endre wikiteksten]

Ville det ikkje vera meir naturleg å bruka det angelsaksiske namnet (som blei brukt av kongen og dei som var rundt han) eller det norske namnet (slik me gjer med andre kongar), heller enn det nye engelske namnet? -- Ranveig 15. mai 2005 kl. 1031 (UTC)

Ganske enig, men jeg lurer på om det norske navnet er riktig, mener å ha hørt Adelsten og ikke Adalsten. Profoss 15. mai 2005 kl. 1241 (UTC)
Som den namnepuristen eg er, så tykkjer eg at Æðelstán er ei glimrande oppslagsform. Om vi ikkje vel den angelsaksiske forma, så trur eg at vi bør bruke den veletablerte nynorskforma Adalstein — i tråd med den norrøne namneforma Aðalsteinn. Men uansett kva vi vel, så er det no viktig at det finst omdirigeringar frå alle andre former folk kan tenkjast å leite på... Olve 15. mai 2005 kl. 2321 (UTC)
Eg er ikkje heilt sikker, for nokon kunne jo ha høyrt om han Adalsteinsfostre og få ei aha-oppleving, men eg synest i grunnen òg me bør halda oss til opphavleg namn. I alle fall der det finst så mange ulike norske former. -- Ranveig 16. mai 2005 kl. 1921 (UTC)

Det er (var) vanleg norsk namnetradisjon å omsetje namn på kongelege (jf. Henrik VIII), og Språkrådet føreslår «Adalstein» i si liste over historiske namn, så eg føreslår flytting til det. Kva meiner de? --EIRIK\diskusjon 4. juli 2010 kl. 21:19 (CEST)[svar]

Eg er einig med deg. Engelske Henrikar, Georgar, Karlar osb. har norsk namn i Noreg, så det burde Adalstein òg ha. --Tannkrem 4. juli 2010 kl. 21:41 (CEST)[svar]
Og her er Noreg på line med mange andre kulturnasjonar. Historiske personar vert omtalt med ein heimleg versjon av namnet. Og vi bør følgje tilrådinga fra språkrådet. --Knut 4. juli 2010 kl. 22:00 (CEST)[svar]
Ikkje berre det. Nynorsk Wikipedia er for ein stor kulturnasjon å rekna, og bruker innarbeidde norske namn som oppgjevne av Språkrådet. Dette burde ikkje vera kontroversielt, så eg flytter. --Ranveig 4. juli 2010 kl. 22:02 (CEST)[svar]