Diskusjon:Adgangskort

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Namnet «elektroniske proksimitetskort» let som det kjem frå ein maskinomsettar. «Proximity» kan ein i denne samanhengen omsetta med «nærfelt», så «nærfeltkort» er ei mogeleg omsetting. Det som skil desse korta frå smartkort med kontaktar er at informasjonen vert overført ved hjelp av eit modulert elektromagnetisk felt. Ei anna mogeleg omsetting er difor «nærfeltsmartkort». På anglane sitt målføre vert teknologien ofte omtala som «Radio Frequency Identification (RFID)», som på vårt målføre tilsvarar «radiofrekvensidentifikasjon», men «radiofrekvensidentifikasjonskort» er vel i lengste lagtet? Men «nærfeltkort» tykkjer eg kling godt. I tillegg skildrar det teknologien godt: avstanden er mindre enn ei bølgjelengd, så kommunikasjonen foregår i nærfeltet; ikkje i fjernfeltet som ved radiokommunikasjon. --Sigmundg 3. juni 2011 kl. 12:56 (CEST)[svar]

Ja, proksimitetskort er eit vondt, vondt ord. Nærfelt er mykje betre, det kan sikkert brukast i denne artikkelen, i det minste. Bokmålswikipedia har ein artikkel om RFID, så det kan nok me også ha for sjølve teknologien. --Ranveig 3. juni 2011 kl. 14:05 (CEST)[svar]
Ja, men det er nokre feil i RFID-artikkelen på bokmål, så eg trur det er betre å skriva ein ny artikkel, eller i det minste pussa litt på han. --Sigmundg 3. juni 2011 kl. 15:30 (CEST)[svar]