Diskusjon:Adiabatisk temperaturendring

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lapse rate[endre wikiteksten]

"Lapse rate" kling særs dårleg på norsk, synest eg. Kva lapsar er det ein måler?

Eg har funne to uttrykk som kan vera alternativ:

  • adiabatisk temperaturgradient [1]
  • adiabatisk fallrate [2]

Kan eitt av desse brukast i artikkelen, eller finst det eventuelt eit betre omgrep? -- Ranveig 19:18, 23 september 2006 (UTC)

Heh, ja eg tenkte på det når eg oppretta artikkelen. Kan aldri hugse å ha høyrt eit norsk ord for lapse rate faktisk. Det blei alltid omtalt som adibatisk lapse rate på førelesingar og elles (då med den noko fornorska uttalen "lapsraten"). Men eg har tenkt på «adiabatisk temperaturendring» i etterkant. Me kan gjerne endre artikkelen til enten «adiabatisk temperaturendring» eller «adiabatisk temperaturgradient». Kanskje temperaturendring er det beste valet sidan det stort sett alltid er i samband med temperaturendringar ein bruker uttrykket? -- Frokor 20:48, 23 september 2006 (UTC)