Diskusjon:Afrikansk historie

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Har omsett dette frå engelsk, men er litt i tvil om kor rett bolken om utviklinga av homonidar er. Eit av dei siste nummera av Scientific American er eit temanummer om utviklinga av intelligens. Her blir det argumentert for at tidslina for intelligens og verkty må strekkast lengre bakover. stykkjet 07:46, 24 august 2006 (UTC)

No er eg endeleg ferdig med å omsette denen. Artikkelen er alt for lang, og kunne nok godt vore delt i fleire bolkar. Heile grunnen til at eg gjorde dette var at artikkelen var den mest etterspurde på nynorsk wikipedia. Ikkje alle delane av artikkelen er like gode. Artikkelen er spesielt svak på perioda etter andre verdskrigen. I tillegg synst eg nok perspektivet er vel europeisk/vestleg til tider. Eg håper andre kan gjere artikkelen betre. stykkjet 21:23, 5 desember 2006 (CET)

God artikkel[endre wikiteksten]

Etter Ranveig gjennomgang i fjor haust vil å prøve denne for God artikkel nominering.

God artikkel[endre wikiteksten]

Medalje
Medalje

Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.

{{{2}}}

Afrikansk historie går langt tilbake i tid, ettersom det var i Afrika at menneskeslekta oppstod. Her har det utvikla seg eit utal svært ulike språk og folkegrupper, medan rike som det gamle Egypt, Ghanariket og Zuluriket har oppstått og tankar og tru har spreidd seg.

Vestlege historikarar meinte lenge at verdsdelen mangla historie fordi det fantest få skriftlege kjelder derfrå, og fordi området hadde utvikla seg på ein annan måte enn Eurasia. I dag er afrikansk historie eit respektert felt som tek i bruk arkeologi, munnleg overlevering og den skrifta som likevel finst. Historia er likevel ikkje delt inn i fastlagde epokar slik som til dømes europeisk historie. Les meir …

Han er på god veg, om eg sjølv får seia det, men kunne godt hatt fleire støtteartiklar, kjelder og bakgrunnsstoff. Og litt meir om moderne historie -- eg har ei bok om dette på vent. --Ranveig 25. januar 2010 kl. 23:23 (CET)[svar]

Artikkelen er god, og det er slike artiklar som på andre språk får stjerne. Men sjølv synest eg han er for lang. I og med at artiklane med stjerne skal vere eit døme for korleis artiklar bør skrivast på wikipedia, kjem eg ikkje til å røyste for.--Knut 14. januar 2011 kl. 21:44 (CET) Afrika har ei lang historie, artikkelen toler lengda, ser eg, etter ny gjennomlesing. --Knut 14. januar 2011 kl. 22:11 (CET)[svar]
Artikkelen er lang og utfyllande - god. Men eit par ting. Ein så lang artikkel bør absolutt ha ei lengre innleiing. På engelsk Wikipedia meiner ein at ein skal kunne få ei lita oversikt over emnet, bare frå innleiinga. Det meiner eg er eit godt prinsipp. I tillegg er eg litt usikker på tittelen: Er historia afrikansk? Afrikas historie eller Historia til/om Afrika hadde vel vore betre? Martin NH 14. januar 2011 kl. 22:34 (CET)[svar]
Der er tradisjon for å bruke nemninga Norsk historie, tilsvarande må afrikansk historie ver OK. Innleiinga kan kanskje utvidast med ei setning eller to, men ho må aldri bli så lang at innhaldsboksen vert skuven ut av skjermbiletet!--Knut 14. januar 2011 kl. 22:52 (CET)[svar]
Det kjem jo heilt an på skjermoppløysninga. Innleiinga kunne på min skjerm blitt mangedobla utan at innhaldsboksen kom ut av syne. Eg er av den oppfatning at innleiinga aller helst bør vera ein slags miniartikkel, som i tillegg til å introdusera emnet og avgrensingar, gir ei oversikt. Dette kan jo sjølvsagt diskuterast. Eg kjem uansett til å stemma for. Martin NH 14. januar 2011 kl. 22:59 (CET)[svar]
Du har rett Martin, ei innleiing bør gje eit oversyn over det artikkelen handlar om, særleg når artikkelen det er snakk om er lang. Knut: Det kan godt vera at nokre avsnitt er for detaljerte. Eg skal gå gjennom dei ein gong til og sjå om noko bør flyttast til underartiklar. I mellomtida kan du ta ein titt på den noverande engelske utgåva av artikkelenden er lang. --Ranveig 15. januar 2011 kl. 10:42 (CET)[svar]
Engelsk wikipedia har gjennomgåande alt for lange artiklar. Derfor brukar eg sjeldan det oppslagsverket. Wiki skal bety kjapp, men for meg er det ikkje kjapt å få tak i kunnskap når han er gøymd mellom så mange ord. Det ligg ein fare i at det er mindre drastisk å skrive enn å stryke. Når det er sagt: Ein god artikkel bør ha ei god innleiing, og eg Martin har rett i at innleiinga bør gje ei lita oversikt over emnet. --Knut 15. januar 2011 kl. 11:39 (CET)[svar]
En:-artikkelen var meint som eit skrekkens eksempel! Eg er heilt einig i at det altfor lange blir vanskeleg å lesa. Problemet er at ein ofte må ha ganske godt oversyn for å vita kva ein bør ta ut. --Ranveig 15. januar 2011 kl. 11:57 (CET)[svar]
Og nå er innleiinga mykje betre. Då er denne god! Martin NH 15. januar 2011 kl. 12:32 (CET)[svar]

God artikkel?[endre wikiteksten]

-- Hogne 25. januar 2010 kl. 22:26 (CET)[svar]