Diskusjon:Age of Empires II: The Age of Kings

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

For å gjera noko klart[endre wikiteksten]

Hei. Opprettaren av denne artikkelen ville berre gjera noko klart før ein diskusjon startar. På ei anna side finst det tvil at nokon stor diskusjon byrjar, på grunn av at The Age of Kings ikkje er kjent, som Led Zeppelin eller Mitt Romney. Dessutan er det ikkje like diskutabelt eller kontroversielt som andre tema. Artikkelen kjem til å verta noko redigert – og sjølvsagt: det kan alle andre òg. I oppsettet har den engelske artikkelen vorte brukt som hjelp, fordi den var svært god.

I spelet vert dei sivile einingane kalla "villagers"; eit ord som er veldig innsnevra på engelsk (så klart kan ein finna synonym som "peasant", "farmer" eller "citizen"), men likevel var det ikkje lett å finna ei god omsetjing. Difor er det brukt fleire ord for "villager": "landsbybuar" (som er den direkte omsetjinga), "arbeidar" (som viser til deira oppgåve) og "innbyggjar" [innbyggar] (som kanskje er det mest vanlege norske ordet). Uansett så er alle synonymorda brukt – nokon meir enn andre.

Takk til Frokor og Ranveig for svar på spørsmål som dukka opp. No kan det verka som denne artikkelen er berre opprettaren sin. Slik er det ikkje. Ingen er einerådige – redigér og kritiser!

Arntor 5. august 2012 00:26 (CEST)