Diskusjon:Altaelva

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bør ikkje "nord Europa" endrast til "Nordeuropa"? Er "canyon" eit (ny)norsk ord? Sigmundg, 22/9 2006.

Det bør endrast til Nord-Europa, i fylgje [|retningslinene til språkrådet]. Det er no gjort. Eg skreiv i fyrste omgang berre Canyon, slik det står i bokmålsutgåva. Eg googla det no, og det ser ut til å vera ei vanleg nemning. Eg finn det ikkje hjå statens kartverk. Eg les ein stad:
"Alta Canyon (Sautso)
Alta Canyon er Nord-Europas største canyon. På tur dit, kjører man gjennom Tverrelvdalen og passerer ”Null-punktet”, kjent fra de store demonstrasjonene mot utbygging av Alta-Kautokeino vassdraget. Ved Sautso ligger det kjente Alta kraftverk som er bygget inn i selve fjellet, demningen og visningsrom med multidivisjonsprogram."
Ut frå det eg les her og andre stader ser det ut til at Alta Canyon er øvste delen av Sautso. Eg veit ikkje om det finst eit eige namn på denne øvste delen av Sautso. Eg vil gjerne fjerna Canyon, men veit ikkje kva eg skal skriva i staden. Eg er ikkje motviljug mot å skriva Sautso sjølv om det er mindre presist. Sigbjørn18/10 2006
Er ikkje juv, evt. elvegjel, dekkande? --Ekko 12:22, 18 oktober 2006 (UTC)
Gjel vil eg seie. Dessverre mindre brukt enn canyon, også på norsk. stykkjet 18:43, 19 oktober 2006 (UTC)
Språkrådet nemner opp gjel, kløft og juv ([| sjå her]) Dei er vel kanskje gode alle. Men dette er vel kanskje eit sernamn. Dersom det finst eit stadnamn som er godteke av Statens Kartverk, og som er nytta lokalt, bør me nytta det. Eg veit ikkje om det finst, eller kva det er. Når det gjeld skrivemåten av Nord-Europa, so er det Nord-Europa som er nemnt hjå [| språkrådet].

--Sigbjørn 17:26, 20 oktober 2006 (UTC)

OK, eg var noko bråkjappkjekk der. --Ekko 17:51, 20 oktober 2006 (UTC)