Diskusjon:Ande

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det var vel ikkje så klokt å setja "ande" og "ånd" under same oppslagsord? Ande handlar like mykje om respirasjon, og skulle ha stått i samband med dette, sjølv om orda tydeleg har same rota. Legg "ande" innunder Respirasjon, og hald "Ånd" ute som eiga ord. Elles bøyer vi orda ulikt: Ande er hankjønn og verb (han anda inn/anda ut), "han hadde ein dårleg ande". Dette er ikkje heilt det same som åndsomgrepet. Merknad til moderator om å rydje opp i dette, slik at orda står under ulike oppslag.

EGM. Dette usignerte innlegget vart skrive av Eilev G. Myhren (diskusjon · bidrag) 30. mars 2010 kl. 20:13

PS. Eg har brigda på artikkelen for å klårgjera poenget.

Dette kan du gjerne rydje opp i sjølv, du har meir vit på slikt enn dei fleste andre som skriv her. Gå inn på Ånd, fjern omdirigeringa og gjer dei endringane som skal til. --Knut 31. mars 2010 kl. 12:21 (CEST)[svar]
Einig med Knut, viss du vil endre noe er det bare å gjøra det. Dette (dvs. Wikipedia) er ikkje eit diskusjonsforum med «moderatorar» som har ekstra ansvar for artiklane. Alle brukarar og skribentar på nn.wiki har felles ansvar for å rette opp i feil og omgrepsforvirring som dei kjem over. --KRISTAGAα-ω 31. mars 2010 kl. 13:01 (CEST)[svar]