Diskusjon:Anders Andersen Bjelland

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg er grunnleggjande usamd i at namneforma Anders Andersson Bjelland er feil. I boka «Nedstrand herad i hundrad år 1837-1937» står side 40 ei opplysing om lensmann Anders Andersson Bjelland. Det er rett nok far til «vår» mann, men eg kan ikkje sjå at det er noko til hinder for å nytte skrivemåten Andersson for den her nemnte personen, tvert i mot. Namneforma Andersson fortel at personen er son til ein Anders, heilt i samsvar med dei fleste vestnorske talemål. Om «vår» person ikkje hadde nytta gardsnamnet Bjelland i namnet sitt, men berre skrive seg for Andersen, då hadde det vorte eit etternamn og noko heilt anna. Eg seier ikkje at forma Anders Andersen Bjelland er feil. Ho er likevel eit avtrykk etter samtidige styresmakters tilkortkoming og neglisjering av delar av det samfunnet dei rådde over. Ettertida kan ikkje vere forplikta til å vidareføre fortidas manglar. Jamfør at ein i norsk ikkje lenger nyttar skrivemåten Mao Tse-tung om ein viss kinesar, men Mao Zedong. --Migne (diskusjon) 5. august 2020 kl. 11:53 (CEST)[svar]

Eg er samd i at ingen av formene er feil, men det er nok best å nytta ein dokumentert skrivemåte. Dersom Bjelland sjølv kalla seg «Andersson» ein stad kan me bruka det, om ikkje bør me nok følgja NSD i dette. --Ranveig (diskusjon) 5. august 2020 kl. 12:38 (CEST)[svar]