Diskusjon:Apache OpenOffice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Beklager, gløymde å formatere. Nybegynnarfeil, håpar eg... Anders

Har i ettertid vorten oppmerksom av enkelde at det no heiter OpenOffice.org og ikkje OpenOffice lengre. Denne artikkelen samt underartiklane fann eg lista opp hjå "Wikipedia:Artiklar vi bør ha/Teknologi". Der stod det opprineleg "OpenOffice", ikkje "OpenOffice.org". Om folk er så strikse på navna, hadde det vore ein stor fordel om slikt hadde vorte retta opp før folk byrja å skriva på slike artiklar, og ikkje etterpå. Så slepp ein å høyre oppatt og oppatt same småsure kommentaren. --Anders 10. august 2005 kl. 23:25 (UTC)

Nja... Det viser seg no ofte lettare å oppdaga slike namneproblem når artiklane allereie er oppretta. Trur ikkje du treng taka det for tungt om nokre av artiklane blir flytte i ettertid. Håpar no elles at småsure kommentarar hører med til unntaka... :] (Kommenterte rettingar haglar det derimot med — og det er bra, for slike kan vi lære av! (Eg har i alle fall lært mykje av dei rettingane andre har gjort på det eg har skrive.)) -- Olve 11. august 2005 kl. 01:22 (UTC)
Eg håpar ikkje det var min kommentar du reagerte på, for han var slett ikkje småsurt meint :-) At feil skrivemåte var brukt i «Artiklar vi bør ha» var ikkje eg klar over før desse artiklane dukka opp. GauteHK 11. august 2005 kl. 10:19 (UTC)

Beklagar Gaute. Eg må visst missforstått deg noko salig iforgårs kveld, for eg var sikker på at eg hadde vorte hinta om å flytta desse artiklane sjølv, noko eg ikkje visste før idag at eg har rettleik til. Så eg har å leggja meg langflat. Eg ser du har gjort ein særs god jobb med O3 artiklane, især denne. Eg håpar du fortsatt har vilje til å fortsette, om det skulle være noko.--Anders 12. august 2005 kl. 18:18 (UTC)

Anders, om du ser etter kven som har omsett OOo til nynorsk, så trur eg du vil finne ut at namnet liknar svært mykje på brukarnamnet åt Gaute ;) -- Larsivi 12. august 2005 kl. 18:44 (UTC)
Det der var ein liten vekkjar for meg òg — det er fort gjort både å misforstå og bli misforstått, spesielt når me berre kommuniserer i tekst. Stå på! :-) GauteHK 12. august 2005 kl. 18:56 (UTC)

Larsivi: Kor ser eg det i så måte?Og på kva måte har dette samanheng med at eg på IRC klokka 17.12 i dag, traff ein Microsoft fyr som hevda å programmere MS Word? Det siste blir ein påstand i så måte, men eg har pålitelig prov på at ip'en kom frå ein MS submaske. Eg fekk ein kjenning til å bekrefta det same. Loggen har eg og.... Gaute: Men eg trur det er best, for mitt vedkommane då, å gje seg klokka 11, sjølv om det at sidene gjerne går raskare då, gjerne gjer det fristande å fortsette å skrive.... --Anders 12. august 2005 kl. 19:29 (UTC)

Nei, eg har ikkje OOo installert, så eg veit ikkje heilt korleis ein kan finne det ut... Kanskje under "Om Open Office.org"? Det er iallfall der i KDE, som Gaute òg har vore sterkt involvert i å omsetje, til dømes nettlesaren som eg skriv dette i. Forstod elles ikkje heilt det med han MS-karen. Det er uansett ikkje langt til "stjernene" med ein gong ein byrjar å involvere seg i open programvare. Ikkje at MS er det... Larsivi 12. august 2005 kl. 19:40 (UTC)
Njo, men no hadde no ikkje denne irc-kanalen noko med programvare å gjer i det heile, det var dét som gjer det heile litt merkeleg...