Diskusjon:Arbeidarpartiet

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Wikipedia:Wikiprosjekt_Norske_politiske_parti finn du det nyoppstarta prosjektet som tek sikte på å lage ei grundig oversikt over alle dei politiske partia i Noreg. (Inklusive småparti som Revolusjon og Kristent samlingsparti).

Det er sett opp malar o.l. for dei som ynskjer å bidra. Ein treng sjølvsagt ikkje følgje malane om ein ikkje ynskjer det. Om du kjenner til eit spesielt parti kan du skrive ein artikkel om partiet. Du må gjerne finne hjelp på Wikipedia:Wikiprosjekt Norske politiske parti

--kurtber 5. mar 2005 kl. 2016 (UTC)

Eit argument for å fjerne Arbeidarpartiet frå kategorien "Sosialistiske parti" kan vere at DNA faktisk har fjerna målet om eit sosialistisk samfunn frå formålsparagrafen sin. Men å seie som Kurber gjer i ein parentes at det er ei klar og generell motsetning mellom sosialdemokratiske og sosialistiske parti, er verken historisk korrekt eller offisielt korrekt i dag viss vi ser internasjonalt på det. Eg har vore inne på dette i andre artiklar, og minner om at dei norske sosialdemokratane i NSA i 1920-åra var eit klart sosialistisk parti, at DNA er med i den Sosialistiske Internasjonalen den dag i dag og har fleire søsterparti som kallar seg sosialistiske, ikkje sosialdemokratiske. Eg synest vel derfor ikkje Kurtber skulle fjerna DNA frå kategorien "sosialistiske parti" sånn utan vidare, sjølv om eg for min del i og for seg er einig med han at DNA ikkje er eit sosialistisk parti lenger. --Erling 6. mar 2005 kl. 0747 (UTC)
Orsakar framferda! Neste gong skal eg ta det gjennom diskusjonssida først. Eg har kanskje gått litt fort fram på nn.wikipedia utan å sette meg inn i sakar og ting her... Men eg tykkjer altso framleis ikkje at Arbeidarpartiet passar inn i kategorien "sosialistiske parti" - og då tenkjer eg både realpolitisk og teoretisk (at dei ikkje lenger har det sosialistiske samfunn som mål); Arbeidarpartiet står i dag fram som forkjemparar for ein økonomisk politikk som går på tvers av det sosialismen står for. Ser ein over alle dei krasse orda i dårlege debattprogram vil ein sjå at Høgre og Ap sin økonomiske politikk kjem nærare og nærare kvarandre. --kurtber 7. mar 2005 kl. 2136 (UTC)