Diskusjon:Arbeidernes kommunistparti

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Frå artikkelen: "Akp støtta aldri opp om Sovjetunionen, slik Norges Kommunistiske Parti og Sosialistisk Venstreparti gjorde." SV har aldri "støtta opp om" Sovjetunionen slik NKP gjorde. Kva trur artikkelforfattaren var grunnen til at SF/SV blei danna, og at dei misnøgde sosialistane i DNA ikkje gjekk inn i NKP? --Erling 27. mar 2005 kl. 2033 (UTC)

Hmm... Tok den frå nb.wikipedia, og har tydelegvis ikkje hatt hovudet mitt med meg i arbeidet. Endrar setninga no! Endrar den på nb og. (Skulle berre sjekke om folk var vakne!) kurtber 27. mar 2005 kl. 2222 (UTC)

SF og Sovjet[endre wikiteksten]

Det er ikkje heilt sant. På slutten av syttitalet var det mange i SF som støtta S., og eit framlegg om å kalle S. for "imperialistisk" vart stemt ned på eit av landsmøta. Eg skal finne tilbake kjelder til dette.

Mange i SF reiste på ungdomsleir og studietur til Øst-Europa på den tida. Det er ikkje riktig å si at SF støtta Sovjet, men dei tok heller aldri avstand frå S. Vonar at nokon skriv om dette slik at ein får ei nøytral formulering.