Diskusjon:Arthur Berg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er dette rett nynorsk? Leksikalsk i forma er artikkelen ikkje, og treng dessutan formattering. --Ekko 15:01, 31 januar 2007 (CET)

Eg tok vekk rydjemerket. Strukturen på artikkelen må vera god nok. Det kan enno vere meir å segja om Arthur Berg. Nokon skulle tatt initativ til å berga ein kopi av originalen over på høgnorsksidone før det klangfulle språket i artikkelen vert forflata (av folk som meg).Knut 07:36, 1 februar 2007 (CET)
Denne artikkelen har ei lite objektiv form, jfr. uttrykk som: Karrieren som ateist varte korsom er ikkì lenge – men var til svars aktiv. Han bøygde kne og umvende seg til Gud. Dette høver som prosa i ei avis t.d., ikkje i eit leksikon. Og haldninga om A- og B-norsk (det klangfulle språket i artikkelen vert forflata) trudde eg var borte. --Ekko 09:40, 1 februar 2007 (CET)
Ekko har objektivt rett, men sjølv ser eg dei mange spirone og frøi som eit større problem enn at nokre artiklar har ord som høver betre i ein nekrolog enn i ein leksikal artikkel. At høgnorsk er meir klangfullt enn nynorsk etter læreboknormalen er for meg eit (subjektivt) faktum, men lata oss ikkje krangla om det. Sjølv meistrar eg ikkje høgnorsk, knota berre litt akkurat her, syntest ein høgnorskmann som Arthur Berg fortente det. Han var dessutan ikkje stridare på det enn at han godtok at bibelumsetjingi han var med på kunne gjevast ut med ordinær nynorsk rettskriving (ikkje i-mål). Knut 10:38, 1 februar 2007 (CET)
Eg er samd med Ekko. Tekstbolken Ekko siterer (om ateistkarriera) er ikkje i leksikonstil.
Det er betre med ein stutt og turr artikkel enn ein som er overdriven høgstemd, sjølv om han er lengre. Ei sakleg lita spire kan vere til nytte for meg om eg leitar etter informasjon, medan det skal lite til av svulstigheiter før eg sluttar å lese. Det hjelper ikkje at artikkelen er lang om ein ikkje kjem forbi innleiinga. --Jorunn 22:37, 1 februar 2007 (CET)