Diskusjon:Artsdatabanken
Utsjånad
Den er grei Ranveig! Eg er ikkje vant med wikipediaformatet, som du sikkert merkar. Kan heller ikkje all funksjonaliteten som trengs. Ei oppsummering øvst av det som kjem er på sin plass, og eg kjem til å gjere eit forsøk på det. Me eig ikkje denne artikkelen meir enn nokon andre, men det var på høg tid med ei oppdatering. Det som låg der var frå 2007. Me vil gjerne at artikkelen skal gi eit dekkjande bilete av kva me er i dag. Mellom anna betyr det at det ikkje vert riktig å ha spesielt fokus på Raudlista for artar og Framandartslista. Det er også viktig at det som står er korrekt.
- Flott! Det er absolutt på sin plass med ei oppdatering, så takk for det. --Ranveig (diskusjon) 3. februar 2022 kl. 14:30 (CET)
- Nå har du lært meg en god del om korleis ein sett opp ein artikkel på ein "proff" måte på Wikipedia. Det er kjekt. Men eg lurer på desse boksane med informasjon, referansar med meir. Er det naudsyn med spesielle verktyg for å kunne opprette eller redigere dei? Må ein ha blitt tildelt ei anna og "høgare" rolle i systemet? SkjalgW (diskusjon) 4. februar 2022 kl. 11:08 (CET)
- Boksane hentar ofte informasjon frå ein felles database, Wikidata (døme for Artsdatabanken). Desse går an å endra på, men kan vera vrange å gjera rett. Det går også an å klikka på malen, velja endra og så klikka seg fram til felta. Desse går det an å fylla inn manuelt. Ranveig (diskusjon) 4. februar 2022 kl. 12:41 (CET)