Diskusjon:Askvoll og Holmedal Idrettslag

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skal vi ha artiklar om lag som spelar i 4. divisjon i fotball? --EIRIK\diskusjon 19:44, 12 september 2006 (UTC)

Nei, det kan då ikkje ha offentleg og brei interesse? Dei to (eller tre) øverste divisjonane må då vera nok? --Ekko 20:47, 12 september 2006 (UTC)
Det kan vera at dette idrettslaget inneheld meir enn eit fotballag. Sjå http://www.n3sport.no/Organisation.asp?OrgElementId=62259&CatId=496241 og http://www.volleyball.no/Organisation.asp?WCI=wiOrgStructure&orgelementid=66683. Tannkrem 20:57, 12 september 2006 (UTC)
Det er heilt vanleg at idrettslag inneheld fleire idrettar, så eg undrar på kva gjer denne klubben spesiell i forhold til andre klubbar (som har fotballag i fjerde divisjon)? --Anders 21:15, 12 september 2006 (UTC)
Idrettslag er stort nok. Det same gjeld politiske lokallag, grendelag, ungdomslag, mållag, husflidslag, misjonsforeinigar, sanitetsforeiningar, historielag, skyttarlag og så bortetter. Så lenge informasjonenen let seg verifisere er det greit (og der vil rett nok mykje kunne strande). Me har artiklar som Nordland Mållag og Oslo Vest Senterungdom. Det er ikkje heilt usannsynleg at det er fleire medlemmer i Askvoll og Holmedal IL enn det er i dei to nyss nemde lokallaga til saman. --Jorunn 23:16, 12 september 2006 (UTC)
I ettertankens klare lys må eg vel gje Jorunn rett i dette. --Ekko 06:49, 13 september 2006 (UTC)