Diskusjon:Aspergers syndrom

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvifor vart denne sida ikkje verande omdirigeringsside? Kva er feil med dette? Eg kan godt hente noko info herifrå og over til artikkelen om Asperger syndrom. Eg har aldri høyrd nokon kalle syndromet for Aspergers syndrom! Aspie2 21. januar 2010 kl. 18:07 (CET)[svar]

Eg har allereie peikt til ein artikkel (frå Språkrådet, som me følger) som fortel at i rett norsk språkbruk vil me anten ha ein s mellom namn og syndrom, eller ein bindestrek (eventuelt samanskriving). Forma med s blir også brukt i Store Norske Leksikon og Store Medisinske Leksikon, så det ser ut som den mest aksepterte blant fagfolk. Artiklane bør i alle høve skrivast saman til ein, og dei bør ha solide kjelder. SNL og SML er gode utgangspunkt. --Ranveig 22. januar 2010 kl. 00:49 (CET)[svar]
Å? Kva om eg forteljer deg at Asperer-foreninga skriv Asperger syndrom? Foreninga sjølv veit vel dette!
Me skal sjølvsagt sjå på kva omgrep som blir brukt, og at ei interesseforening bruker skrivemåten utan s er interessant. Men elles ser det altså ut til at fagfolk bruker Aspergers, sjå til dømes: [1],[2],[3],[4],[5]. Og det er trass alt fagfolk som set diagnosen. --Ranveig 11. februar 2010 kl. 11:05 (CET)[svar]

Hei, Aspie2. Eg er ikkje alltid einig med alt Språkrådet har vedteke, berre så det er sagt — og eg følgjer slett ikkje alltid Språkrådet sine råd på mitt eige prosjekt. MEN: Uansett om du eller eg eller andre er einige eller ueinige med kva Språkrådet seier, så har vi som retningsline her på Nynorsk Wikipedia at Nynorskordboka og Språkrådet avgjer normeringa av skrivemåten på wikipediautgåva vår. Og da blir det som Ranveig seier... :-] Olve Utne 11. februar 2010 kl. 14:35 (CET)[svar]

Eg er einig med dei som skriv over at man ikkje kan bruka forma "Asperger syndrom". Dersom ein ikkje skal bruke -s på slutten, så må ein anten bruka bindestrek eller skriva "Aspergersyndromet". Men korleis er det eigentleg med genitiv-s i nynorsk? Er det god nynorsk å leggja en -s til i slutten av eit ord for å markera genitiv? --Oddeivind 20. juni 2010 kl. 09:16 (CEST)[svar]

Ivar Aasen skriv om genitv i Norsk Grammatik (sjå PDF-fil s 165), og vil helst berre bruke «-s»-forma etter mannsnamn og etter somme hankjønsord i ubunden form. Ein kjend organisasjon heiter Noregs Mållag, så det å markere tilknyting med ein -s må nok reknast som gangbart språk :-) --Knut 20. juni 2010 kl. 09:56 (CEST)[svar]
Men er det ikkje mest vanleg i norsk tale å seie til dømes "Per sin hund" snarare enn "Pers hund"? --Oddeivind 8. juli 2010 kl. 20:43 (CEST)[svar]
Joda, eller «hunden til Per» eller «hunden hans Per». Men genitivforma er eit alternativ, og som Aasen skriv er det mest bruk for den i meir formelt språk. --Knut 9. juli 2010 kl. 23:10 (CEST)[svar]
"Per sin hund" eller "hunden til Petter" er nok dei formene eg ville bruke når eg snakkar. "Pers hund" trur eg aldri en ville seie. Eg trudde ein i nynorsk forsøkte å unngå former som ikkje brukast i tale? --Oddeivind 25. august 2010 kl. 08:13 (CEST)[svar]
Ivar Aasen seier om genitiv m.a.: «dets Nødvendighed synes ikke at være synderlig følt i Dagligtalen, og Brugen er saaledes temmelig sparsom; – – . Da imidlertid en Form for Genitivets Begreb ofte synes nødvendig i en mere regelbunden Stiil, og da den ikke altid kan erstattes ved nogen bekvem Omskrivning, bliver det alligevel nødvendigt at bevare de Former, som virkelig ere forhaanden.» (s 162 her). --Knut 25. august 2010 kl. 08:38 (CEST)[svar]