Diskusjon:Aure

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kanskje «Aure» bør dirigerast til «Aure (fleirtyding)» i staden for til fiskeslaget «Aure», som på bokmål wikipedia? --Sigmundg 15:43, 10 desember 2006 (CET)

Dette har også vore den vanlegaste praksisen her når der er så mange tydingar. -- Larsivi 15:57, 10 desember 2006 (CET)
Om det er éi hovudtyding av eit ord plar me la det stå som hovudoppslag og peika vidare til fleirtydingssida (sjå t.d. Oslo). Viss det er semje om at fisken aure ikkje er hovudtydinga for aure får me vel flytta på han. Men eg synest godt han kan få stå der han er. --Ranveig 21:29, 10 desember 2006 (CET)
Stemmer for fisken som hovudoppslag, ettersom det er vanlegare å kvalifisere namnebruken for plassen enn namnet på fisken. Trur derimot at den norske kommunen Aure heller burde liggja på Aure på Nordmøre. Aure kommune kunne vera anten ei fleirtydingsside eller ei omdirigering til nordmørskommunen med fleirtydingsinnleiing til den franske kommunen med same namn. -- Olve 23:30, 10 desember 2006 (CET)