Diskusjon:Aurgjelding

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg har lagt inn ei stutt ordliste, men den treng tilsyn av ein örjellsk filolog. Ein tustning til dømes.... Lista kan nok utvidast noko òg. Kva teikn nyttar ein før å skriva tjukk l? --Sigmundg 14:23, 2 september 2007 (CEST)

I følgje tjukk l er IPA-teiknet ɽ, medan tradisjonell norsk lydskrift har brukt ł̣. --Ranveig (diskusjon) 29. november 2018 kl. 13:41 (CET)[svar]
Problemet med «code» «/code» er at det vert mellomrom, slik at når ein vil skriva «bæ£je», så endar ein opp med «bæɽje», «bæł̣je». Finst det råd for dette? Det er nokre aurgjeldingar som nyttar stor L, men det ser rart ut med stor bokstav midt i eit ord, tykkjer eg. Kanskje vi kan omdefinera den polske bokstaven «ł» til å tyda tjukk l i norsk? Trur dei uttalar denne bokstaven som ein mellomting mellom l og o på polsk, men det treng vi vel ikkje å ta omsyn til. Da vert det slik: «örjełłing e en tufsinj fin dialækt, mæn han e orelłinj å skriv». Sigmundg (diskusjon) 29. november 2018 kl. 20:49 (CET)[svar]
Fann ut at ein ikkje treng «code», så da går det fint å nytta «ł»: bæł̣je. Så da er kanskje det det mest fornuftige? Sigmundg (diskusjon) 29. november 2018 kl. 20:53 (CET)[svar]
Ja beklager, brukte berre code-merket nett her for å ikkje blanda teikna med teiknsetjinga. --Ranveig (diskusjon) 30. november 2018 kl. 08:37 (CET)[svar]
Vi kan vel ikkje gå ut frå at alle som les dette er kjende med lydskrift. Dessutan ser ł̣ slik ut «ł̣» når ein fjernar «code», så det er kanskje fare for at lydskriftteiknet ł̣ vert oppfatta som ein t? Kanskje det er betre å bruka IPA-teiknet ɽ? Det beste ville vera om alle artiklane på nn WP som treng tjukk l nytta same teikn. Men det finst kanskje ikkje noko standarisering på nn WP på dette området? Sigmundg (diskusjon) 30. november 2018 kl. 11:39 (CET)[svar]
Det ser greitt ut no som lydskrifta blir forklart i teksten. Om me skal ha ein standard er det jo IPA som blir brukt internasjonalt, og passar til alle slags språk. Men den norske versjonen er kanskje lettare å fatta av alle slags lesarar med ein gong. --Ranveig (diskusjon) 30. november 2018 kl. 16:37 (CET)[svar]