Diskusjon:Avisa Orientering

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

"Grunnen til at den nye avisa kom til, var at det var blitt veldig vanskeleg å komme til i pressa elles med synspunkt som var kritiske til NATO og vestleg kapitalisme generelt.", "med mangelen på fritt ordskifte"

Kunne kanskje desse delane nøytraliserast litt? Kven var det som meinte at det var vanskeleg å komma til, var det vanskeleg? --Guttorm 23. jan 2005 kl. 2021 (UTC)

Hei! Eg kan godt prøve å "nøytralisere" desse utsegnene, sjølv om det er allment anerkjent blant historikarar at det faktisk var vanskeleg. Eit sitat om denne perioden frå Portal, Samlaget si nye lærebok for vgs: "Overvakinga avgrensa meinings- og ytringsfridommen og retten til å organisere seg fritt..." (s 177). Det kan og nemnast som døme at avisa Orientering i årevis blei forsøkt tagd i hel av arbeidarpressa, som stod under sentral kontroll av Haakon Lie. Klimaet i tida viste seg og i forslaget til Beredskapslover frå 1950, som var ganske ekstremt...Men greitt, eg skal "nøytralisere". --Erling 23. jan 2005 kl. 2058 (UTC)

Namn på artikkelen[endre wikiteksten]

For meg er orientering ei idrettsgrein. Denne artikkelen kan godt flyttast til Avisa Orientering, men skal Orientering då vera fleirtydingsside, omdirigering, eller ganske enkelt om idretten? Helsing usikker Ranveig 23. jan 2005 kl. 2037 (UTC)

Det finst fleire lenkjer til "Orientering", altså avisa, i ulike artiklar no. Dei vil vel ikkje verke viss de endrar overskrifta?--Erling 23. jan 2005 kl. 2058 (UTC)

Dersom me lagar ei omdirigering vil dei virka, dersom det blir ei fleirtydingsside får ein valet om avisa, og dersom ein skriv om idretten vil det vera lenkje til avisa øverst i artikkelen.
Eg som har høyrd om avisa før ganske mykje tenkjer meg at det bør vera ei fleirtydingsside, men for dei fleste norsktalande så er kanskje idretten mykje meir kjend enn avisa, så eg er eigentleg open for begge løysingar. Ellers trur eg det er betre at avisa blir flytta til Orientering (avis) avdi ein då vil finna den under "O" i ei alfabetisk liste. --Guttorm 23. jan 2005 kl. 2103 (UTC)
Vi kan godt gjere det slik Guttorm seier for meg. Det hørest ut som gode forslag. Altså "Orientering (avis)" og omdirigering? Kven ordnar det? --Erling 23. jan 2005 kl. 2115 (UTC)
Eg skriv gjerne ein liten stubb om orienteringsløp, eg. Men om artikkelnamnet byrjer på O eller A har ikkje noko å seie for alfabetiseringa, ettersom me kan ordna dette når me legg inn kategoriar (som med Etternamn, Førenamn). -- Ranveig 23. jan 2005 kl. 2132 (UTC)