Diskusjon:Béowulf

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Om Hengest. dei som ikkje hev lesi Beowulf med grannsemd, fell i den tru at Hengest i Beowulf er samstundes med Hrodgeir, Yrsa, syster hans og Adils, mannen åt Yrsa. Beowulf seier klårt i frå(H. Rytters umsetjing): 1065: ....., gledde med kvad, 1066: skaldens hans Hrodgeir, skaren på benkjom 1067: sælka salsmenn med SEGNER GAMLE,(mi utheving) 1067: fråsegn om Finnsætta, fall og bråstrid, - - Dette syner klårt at Hengest, som skalden nemner i kvadet om Finnsætta, i høve til Hrodgeir, høyrer heime i gamal tid, for lenge sidan. Då me er innom Ynglingeætta, Adils at Uppsala, kan me finna fram til omlag kva tid han levde. Gjennom statistisk analyse og datering av runeinnskrifter(Runeråding) har eg kome fram til at Adils lyt vera fødd i fyrste halvleik av 400-talet. Om ein brukar andre metodar vil ein finne at Adils kan vera fødd endå seinare. Hrodgeir er nokonlunde jamngamal. Hengest kom til England år 449. Han er då nokonlunde jamngamal med eller yngre enn Hrodgeir. Korleis kan han då væra omtala i gamle segner? Nei, den Hengest som er omtala er nok ein heilt anna og mykje eldre. Og Finn er nok, om ein skal tro Nennius og andre, son åt Folcwalda, son åt Godulf/Gudolf, son åt Geat - om då ikkje Folcwalda er eit nemne på Gudleik/Ginchtalacus som er omtala både i Breta Søgur, i Titus Livus historie om Roma og hjå Geoffrey of Monmouth. Han var med og inntok Roma ca. år 390 før Kristi fødsel. Soleis kunne nemne Folcwalda passe åt honom. Finn er då etterkomar etter Geat, Scyld, Hermod og den ættkulten som kom i frå Juda, son åt Israel.

Eg lyt då be om at forfattaren som seier at Beowulfs Hengest er den same som Hengest av Kent, om å skriva um so det vert rett.

Vyrdsamt, Trygve Berge, runeråder.

Denne artikkelen er truleg ei røre av fakta og fantasi. Når det blir skrivi at «Dette tidfester handlinga i Beowulf til om lag 515.» er det jo klart at det er rør. Dette er jo eit særs omdiskutert verk. --Ekko 22:13, 2 mars 2008 (CET)