Diskusjon:Bølgjelengd

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nokon som protesterar veldig om vi sler saman denne med frekvens (i fysikk(en))? Desse to omgrepa høyrer jo tett saman, og blir tidvis (ofte litt feilaktig) brukt om kvarandre. Då blir det kanskje ein litt lenger og finare artikkel. - Roger 14:08, 28 september 2006 (UTC), som prøver å bli meir aktiv igjen no...

Ein felles artikkel ville jo òg vera den rette plassen å forklare skilnaden. --Ekko 16:18, 28 september 2006 (UTC)
Eg er teit. Eg må læra meg å lesa diskusjonane før eg endrar artikkelen. Slå dei gjerne saman, for min del. Eg orkar ikkje. Sigbjørn 18. oktober 2006 (som lurar på korleis ein legg inn slik signatur)
Eg er skeptisk til å slå saman artikklane. Asgeir 17:29, 18 oktober 2006 (UTC)
Greitt, no tillet eg meg å endre meining, sidan artikkelen her brått ser mykje betre ut! Bra jobba Sigbjørn! Roger 20:16, 18 oktober 2006 (UTC)
Takk. Det var då so lite. Eg lurar på ein generell ting. Når eg lagar omdirigeringar, vert det rekna for artiklar? Er det dumt å laga mange omdiriteringar? (bylgjelengde, bylgelengd, bølgelengde, bølgjelengd, bylglengda, bløgjelenge og kva som helst som kan vera mogleg forsøk på å finna artikkelen.) Eller er det berre fint? --Sigbjørn 15:22, 22 oktober 2006 (UTC)
bløgjelenge, bøljelengde, bøjlelengde og bøljelegnde, det kan bli nokre tusen omdirigeringar det, om ein skal ta omsyn til alle moglege tastefeil som nokon vil.--Anders 16:04, 22 oktober 2006 (UTC)


Såvidt eg veit vert slike artiklar på mystisk vis fjerna frå statistikken, så det skulle ikkje vere noko problem! Omdirigeringar er bra, meinar eg! -- Roger 15:32, 22 oktober 2006 (UTC)
Takk for innspel. Eg tok litt hardt i i døma. Eg har lagt inn bølgjelengd, bølgelengde, bylgjelengde og bølgjelengde med omdirigeringar. Tre av dei er lovlege skrivemåtar. Bølgelengde synst eg òg er grei å ha med dersom han ikkje gjer skade. --Sigbjørn 21:53, 23 oktober 2006 (UTC)

Eg las i dei språklege retningslinene at ein skal nytta hovudformer i artikkelnamna. Bylgje er klammeform. Bør kanskje flyttast til bølgjelend? Det er i dag omdirigering til denne. Eg nyttar sjølv forma bylgje, so ho treng ikkje flyttast for min del. (Men eg er ikkje usamd i prinsippet om hovudormer.)--Sigbjørn 16:40, 9 desember 2006 (CET)

Hovudformer i artikkelnamn er lurt, ja. -- Olve 16:43, 9 desember 2006 (CET)