Diskusjon:BBC

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

British Broadcasting Corporation eller BBC?[endre wikiteksten]

Eg ser at dei fleste andre språk kaller denner artikkelen BBC. Dei tre bokstavane er vel òg blitt eit slags merke for organisasjonen, slik som NRK, medan British Broadcasting Corporation ikkje er like godt kjend for alle. Kva seier de? Flytt eller la stå? -- Ranveig 22. mai 2005 kl. 2037 (UTC)

Namnet på artikkelen er grei slik den står. Dei fleste veit nok kva forkortinga BBC står for. Om ikkje, så får dei vite det. Omdirigeringar er fine slik. Å skulle dirigere om British Broadcasting Corporation til BBC ville vore bakvendt. Anders 16. juni 2008 kl. 12:47 (CEST)[svar]
På en:, og dei fleste andre wikiar har dei BBC som artikkelnamn, eg tykkjer me burde rette oss etter det. Martin NH 3. august 2008 kl. 11:49 (CEST)[svar]
Kvifor det? La stå, men med ei omdirigering frå BBC. --Bep 3. august 2008 kl. 12:29 (CEST)[svar]
Me har vanlegvis artiklar under namn som blir mest brukt. BBC sjølv bruker forkortinga nesten overalt når dei omtaler seg sjølv. Det same gjeld vel folk flest. --Ranveig 3. august 2008 kl. 12:53 (CEST)[svar]
Begge delar vil vere OK, men kor har vi plassert VG?
Det er lett å sjå at me ikkje er heilt konsekvente, ref. NRK, VG, BT og BA - der dei tre første er omdirigeringar. --Bep 3. august 2008 kl. 18:00 (CEST)[svar]
Eg tykkjer at når engelsk Wikipedia nyttar BBC, bør me òg gjere det. Dei fleste språk har BBC som oppslagsord, og det er lita tvil om at BBC er eit meir kjend namn enn British Broadcasting Corporation. På nettsidene til BBC fann eg ingen stad der det fulle namnet faktisk blei brukt. Eg tykkjer ikkje det er tungvint å omdirigere det fulle namnet til BBC, og eg trur eigentleg at svært få, om nokon, faktisk søker på British Broadcasting Corporation. Me bør flytte sida. Martin NH 10. august 2008 kl. 13:27 (CEST)[svar]
Kva Wikipedianarar på andre språk gjer og ikkje gjer, er i seg sjølv ikkje interesant. Korleis dei sjølve, og andre institusjonar, omtalar dei er det me har å gå etter, eg ser t.d. at den eurpoeiske kringkastingsorganisasjonen (EBU) nyttar fullt namn (pdf-fil). Anders 10. august 2008 kl. 17:32 (CEST)[svar]