Diskusjon:BBC Alba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eg skreiv denne som om opningstidspunktet var i fortid, så går han ikkje ut på dato. Er det greitt? Martin NH 13. august 2008 kl. 10:54 (CEST)

Nei. Truleg vil dette skje, men slik det står no er det gale og du har ingen garanti for at det blir rett. --Ekko 13. august 2008 kl. 11:53 (CEST)
Du kan jo lage deg ei side i brukarnamnrommet ditt der du lagar lenkjer til sider som må oppdaterast, t.d. med dato for kortid det må gjerast. --Frokor 13. august 2008 kl. 12:48 (CEST)
Takk for tipset, skal gjere det. Martin NH 13. august 2008 kl. 12:56 (CEST)
Dette er sikkert den greiaste måten å gjera det på, men skulle me kanskje også laga ein mal eller to for opplysingar som treng oppdatering? Eg ser til dels store vanskar med ei rekke av idrettsartiklane. --Ranveig 13. august 2008 kl. 13:08 (CEST)
Når det gjeld sport så har ein Mal:Pågåande sport. Martin NH 13. august 2008 kl. 13:42 (CEST)
Uff, eg sletta Kategori:Pågåande sportsarrangement då det ikkje var noko innhald der, men den kan ikkert gjennopprettast, men då bør tdf 2009 hamna der.Anders 13. august 2008 kl. 13:56 (CEST) Elles er det vel lov å minne dei som tykkjer vi har hol i talet på idrettsartiklar, eller mediaartiklar for den del (for å dra diskusjonen litt tilbake på tema) om at det er lov å sjølv skape nye artiklar og oppdatere eksisterande, klaging åleine kjem ein ingen vei med. Anders 13. august 2008 kl. 15:55 (CEST)

Strengt tatt er ikkje framtidige hendingar som dette leksikonverdige, men vi har tradisjon for å skrive artiklar om ventande hendingar som er viktige for minoritetsspråk - sjå td her. -Knut 13. august 2008 kl. 16:13 (CEST)

Ikkje alt av framtidige hendingar i alle fall, men enkelte av dei meir sikre hendingane bør ikkje vere problematisk å ha. Sommar-OL 2012 er t.d. ein artikkel eg synst me bør ha alt no. --Frokor 13. august 2008 kl. 16:42 (CEST)
Eg synes denne artikkelen er verdig å ha på Wikipedia, som ein del av Mal:BBC. Skulle den ikkje sende eit einaste program, kan eg endre artikkelen til å handle om den tidlegare planlagde kanalen Gaelic Digital Service. Martin NH 13. august 2008 kl. 18:50 (CEST)