Diskusjon:Baden-Württemberg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forbundsland er godt norsk[endre wikiteksten]

Eg er heilt usamd i at "delstat" er ei betre norsk omsetjing av "Bundesland". Eg ser ikkje noko trong for at me på norsk skal nytta same ordet for tyske forbundsland, canadiske provinsar og spanske autonome regionar, til dømes. Ulike land har ulike termar, og det er bra å ivareta den variasjonen på norsk, meiner eg. Hvis alle er ueinige skal eg sjølvsagt bøya meg, men eg vil gjerne høyra andre meiningar før eg aksepterar Kph si endring.--Barend 23:49, 16 april 2007 (CEST)

Einig med Barend her. --Frokor 23:51, 16 april 2007 (CEST)
For det fyrste er den korrekte nemninga på tysk Land, ikkje Bundesland. Så det bør vere land, ikkje forbundsland om man skal omsetje den tyske nemninga. For det andre har norske lesarar mykje betre forutsetningar for å forstå ordet delstat enn ord som land eller forbundsland i denne samanhengen. Ei typisk norsk misforståing er at dei tyske delstatane tilsvarar norske fylker. Ordet delstat får klart fram deira statsrettslege karakter på norsk. Jamfør bruken av state og federal state på engelsk. Kph 00:07, 17 april 2007 (CEST)
Sjå elles no:Tysklands delstater Kph 00:18, 17 april 2007 (CEST)
Sjå gjerne òg de:Bundesland (Deutschland).
Ellers er òg ei misforståing at Bundesland/Land direkte tilsvarar, til dømes, amerikanske delstatar, canadiske provinsar, etc. Graden av sjølvstyre og regionalisering er uansett forskjellig frå land til land. Ein omtale av kva Bundesland/Land faktisk tyder høyrer heime i ein artikkel, som Tysklands forbundsland eller liknande.--Barend 10:24, 17 april 2007 (CEST)
Som seier at "Ein Land innerhalb der Bundesrepublik Deutschland ist ein originäres staatliches Völkerrechtssubjekt. Umgangssprachlich ist zwar oft von Bundesländern die Rede, in den maßgeblichen Dokumenten wie dem Grundgesetz oder den Verfassungen der Länder selbst wird dieser Begriff jedoch nicht verwendet, da die deutschen Länder gemeinsam die Bundesrepublik Deutschland bilden und nicht umgekehrt eine bloße Verwaltungseinheit der Bundesrepublik darstellen. Kph 16:32, 17 april 2007 (CEST)
Jadå. Men når tysk wikipedia brukar omgrepet "Bundesland" for å unngå omgrepsforvirring med "Land" som òg kan tyda sjølvstendige land, så må det vel vera ganske kurant for oss å gjera det same? Uansett ser eg ingen motargument mot ordet "forbundsland", så då er me einige om det?--Barend 18:49, 17 april 2007 (CEST)
Eit søk i Atekst dei siste fem åra på "delstaten Bayern" gjev 483 treff. Eit tilsvarande søk på "forbundslandet Bayern" gjev 0 treff. Berre eit eksempel. Det er god grunn til å anta at delstat er den vanlege forma på norsk. Den tyske artikkelen burde ha tittelen "Land (Deutschland)" jamfør artikkelteksten. Store Norske Leksikon omtaler dei tyske delstatene som "delstatar". T.d. "Bayern, delstat i sørlige Tyskland" eller "Hessen, delstat (Land) i Tyskland", eller "Schleswig-Holstein, den nordligste delstat i Tyskland", eller – hald deg fast! – "Baden-Württemberg, delstat lengst sørvest i Tyskland". Forbundsland er berre den korrekte nemninga for dei austerrikske delstatane og vert difor ikkje nytta om dei tyske i Store Norske Leksikon eller norsk presse. Er me altså einige om delstat? Kph 18:59, 17 april 2007 (CEST)
No søkte eg òg på "delstaten Baden-Württemberg" i Atekst dei siste fem åra og fekk 257 treff. Eit tilsvarande søk på "forbundslandet Baden-Württemberg" gav 0 treff. For sikkerhets skuld gjorde eg same søket i Google: "Delstaten Baden-Württemberg": 1 700 treff, "Forbundslandet Baden-Württemberg": 3 treff (og det eineste norske frå Wikipedia). Kph 19:08, 17 april 2007 (CEST)
Same søk i Atekst på Sachsen: Delstat gjev 436 treff, forbundsland 0 treff.
Same søk i Atekst på Brandenburg: Delstat gjev 310 treff, forbundsland 0 treff.
Same søk i Atekst på Hessen: Delstat gjev 347 treff, forbundsland 0 treff.
Same søk i Atekst på Mecklenburg-Vorpommern: Delstat gjev 217 treff, forbundsland 0 treff.
Same søk i Atekst på Niedersachsen: Delstat gjev 433 treff, forbundsland 0 treff.
Same søk i Atekst på Nordrhein-Westfalen: Delstat gjev 317 treff, forbundsland 0 treff.
Same søk i Atekst på Rheinland-Pfalz: Delstat gjev 127 treff, forbundsland 0 treff. Treng du fleire bevis? Kph 19:39, 17 april 2007 (CEST)
Eg er lite imponert over dine diplomatiske evner, eller din vilje til å la diskusjonen bli avslutta før du gjennomfører endringar. Men du har tydelegvis rett i at delstat er mest brukt (ikkje utelukkande brukt) på norsk, og eg ser at Språkrådet òg brukar det, her om Bayern. Så eg skal ikkje kjempa vidare på ei tapt sak - sjølv om eg held fram å meina at forbundsland ville vore betre.--Barend 19:47, 17 april 2007 (CEST)