Diskusjon:Bahá'u'lláh

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Biletet av Bahá'u'lláh[endre wikiteksten]

Dette biletet er visst ei heit potet. Det vert stadig fjerna frå artiklane om Bahá'u'lláh på ulike språk. Når fjerninga vert grunngjeven er det med: removing picture - his followers say that the image should only be in a place where he can be treated with due reverence and respect - the internet is not such a place. På en. har dei jenka seg ved å leggje biletet heilt nedst i artikkelen og ha beskjed lenger opp i artikkelen om at det ligg ei slikt bilete nederst, på det viset kan dei som ikkje vil sjå biletet unngå å rulle heilt ned. (Det er mange diskusjonsinnlegg om saka på diskusjonsidene til artikkelen). Burde me gjere noko liknande? --Jorunn 12. september 2005 kl. 00:44 (UTC)

Eg blir sjølv litt arg når folk gjer slike ting, og sta, og synest bildet kan få stå der det står. Artikkelen handlar trass alt om Bahaullah og er ikkje respektlaus på nokon måte. Å flytta bildet ned er ikkje noka god løysing -- det er unaturleg for oss som skriv og les og har ikkje oppfylt kravet til «dei truande». -- Ranveig 12. september 2005 kl. 07:37 (UTC)
Einig med Ranveig. --Guttorm 12. september 2005 kl. 07:51 (UTC)