Diskusjon:Bambi

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikkelen bør delast i Filmen Bambi og Bambi (om boka). --Ekko 10. januar 2009 kl. 12:13 (CET)[svar]

Ikkje nødvendigvis, eg trur me får betre artiklar om me skriv litt meir generelt om eit emne og utan å mekanisk dela opp i den og den utgjevinga. --Ranveig 10. januar 2009 kl. 13:31 (CET)[svar]
Greit nok, men då får me skriva om litt. Skal artikkelen også ha med boka synes eg i grunnen Disney-malen skal bort. --Ekko 10. januar 2009 kl. 14:55 (CET)[svar]
Den malen er litt vel stor, ja. Eg har skjult han, men voner at han kan delast opp eller i det minste bruka eit skjul/vis-skript slik ein del andre malar har. --Ranveig 10. januar 2009 kl. 17:59 (CET)[svar]

Eg tar vekk infoboks om den eine Bambi-filmen i denne artikkelen, av di artikkelen handlar om meir enn den. --Ekko 12. februar 2009 kl. 22:41 (CET)[svar]

Eg er ueinig i at vi ikkje bør skilje ulike verk. Det kan vere forvirrande for brukarane om ein artikkel handlar om både ein figur, ei bok, fleire filmar osb. Denne artikkelen bør presentere figuren Bambi slik han er framstilt i dei ulike verka, ikkje vere artikkel for dei ulike verka. --EIRIK\diskusjon 12. februar 2009 kl. 22:52 (CET)[svar]