Diskusjon:Bar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bar i tydinga stad der ein får servert noko, treng jo ikkje dreia seg om alkoholhaldige drikkar, sjølv om det er den vanlegaste bruken av ordet. Ein bar på ein stad utan skjenkjeløyve er òg ein bar, og tydinga av ordet er då det same. Sameleis med kaffibar, platebar, grillbar. Ordet bar er brukt anten om eit lokale der ein serverar noko over ein høg disk, eller den staden i lokalet (til dømes i ein pøbb) der ein får servering. Så me burde kanskje ha ei sida om ordet bar som tek for seg fleire typar barar? Men eg veit ikkje kva oppslagsord eg vil bruka på det. --Tannkrem 19:59, 26 januar 2007 (CET)

Denne fleirtydingsartikkelen kan gjerne utvidast litt til å fortelja om korleis bruken av ordet har utvikla seg. Den høge staden der ein får servering kan kallast ein bardisk. Kanskje ein like gjerne kan omtala denne under artikkelen om disk? --Ranveig 16:29, 27 januar 2007 (CET)