Diskusjon:Baruk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Baruk(h)/Baruch?[endre wikiteksten]

Er ikkje sikker på kva som er best her. Som støtteartikkel til eksisterande norske bibelomsettingar er nok Baruk bra. Men om artikkelen først og fremst dekkjer det hebraiskspråklege opphavet og ikkje-norskluthersk bruk (f.eks. Baruch Spinoza, Baruch Blumberg, Bernard Baruch, Baruch College osv., så vel som bruken av ordet i rituell samanheng (Barúkh attá...) o.a.) er ikkje bildet like klårt lenger... -- Olve Utne 29. desember 2008 kl. 16:13 (CET)[svar]

Dei namneartiklane eg har skrive, har eg skrive med utgangspunkt i norsk bruk av namnet. «Baruk» er eit namn eg har sett i kyrkjebøkene, då skrive «Baruch», om eg minnest rett - men med gjeldande rettskriving vil slik -ch bli -k. Eg stussa på namnet, og trudde ei stund at Baruk og Barak var to skrivemåtar for same namnet. Men det ser det ikkje ut til å vere. Vi har før diskutert skrivemåten for namn bruka i Noreg, og eg har meint (og meiner) at for bibelske namn er bibelselskapets skrivemåte ei grei rettesnor. -Knut 29. desember 2008 kl. 16:25 (CET)[svar]
Kva gjer vi i så fall med dei namna som blir skrive ulikt på hebraisk men likt av Bibelselskapet? Kjem ikkje på dei det gjeld i farten (og lyt kvile middag snart), men kan nemne at problemet blant anna oppstår i samband med dei minimale para ‘/’, q/kh/hh/h, sj/s/z/ts. -- Olve Utne 29. desember 2008 kl. 16:33 (CET)[svar]
Då rådfører vi oss med folk som kan hebraisk. Ingen regel er utan unntak; det hender kanskje også at bibelomsetjarane gjer uheldige val. Poenget mitt er å unngå dei engelske skrivåtane Jacob for Jakob o.a.). Då er Bibelen, som alle har for handa (i det minste her), ein grei autoritet. --Knut 29. desember 2008 kl. 16:42 (CET)[svar]
Held dette? :) Olve Utne 29. desember 2008 kl. 17:10 (CET)[svar]
Den forstod eg ikkje? -Knut 29. desember 2008 kl. 17:46 (CET)[svar]
Hebraiskkunnskapar, altså. :) Olve Utne 29. desember 2008 kl. 19:35 (CET)[svar]
Då er eg med. Dine hebraiskkunnskapar har eg aldri tvilt på. Dei var dei eg sikta til kl.16:42:«Då rådfører vi oss med folk som kan hebraisk».(Ingen ironi - det fungerer så dårleg i nettdebattar) -Knut 30. desember 2008 kl. 00:14 (CET)[svar]

Dersom artikkelen om namnet Baruk bør flyttast til Barukh eller Baruch fordi namnet bør skrivast slik på norsk, skal eg ikkje protestere. Eit alternativ er å flytte til Namnet Baruk (jf Namnet Israel). Når det gjeld prinsippet om skrivemåten for bibelske namn, kan eg vere steil, men Baruk er så lite brukt i Noreg, at sjølv ein prinsippryttar kan la kjepphesten fare. Knut 29. desember 2008 kl. 18:10 (CET)[svar]