Diskusjon:Baskisk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Baskisk er i dag det einaste ikkje-indoeuropeiske språket som brukast i vest-Europa». Vert det ikkje brukt samisk språk i delar av Vest-Europa?? - Knut 18:52, 4 oktober 2007 (CEST)

Reknar med at den definisjonen av Vest-Europa som rekner Skandinavia til Nord-Europa er brukt. --Ranveig 21:32, 7 oktober 2007 (CEST)
Jepp, det er den offisielle inndelinga til SN. Men som det står i artikkelen om Vest-Europa (og forsåvidt artiklane om dei andre regionane i Europa) så er det mange definisjonar på korleis ein deler inn Europa ut frå politikk og kultur. At Noreg stundom vert rekna som ein del av Vest-Europa kjem vel frå under den kalde krigen då Europa i praksis var delt i aust og vest. Dei siste tiåra, etter at den kalde krigen tok slutt, så syns eg det virkar som den geografiske inndelinga (der Noreg t.d. er ein del av Nord-Europa og ikkje Vest-Europa) vert mykje brukt. Men det er berre slik eg føler. Uansett er ikkje setninga Knut nemner på toppen her feil ut frå definisjonen til SN. --Frokor 21:43, 7 oktober 2007 (CEST)
Definerer vi Noreg ut av Vest-Europa, er min tale all. Men artiklane på bm og nn om Vest-Europa klargjer ikkje dette enno, og evt diskusjon om det får vi ta der. -Knut 21:48, 7 oktober 2007 (CEST)
SN har definert Noreg ut av Vest-Europa. Men som alt sagt, det finns fleire definisjonar, nokre plasserar Noreg i Vest-Europa, andre ikkje. Korvidt SN sin definisjon er «offisiell» eller ikkje skal ikkje eg uttale meg om, men eg tvilar på det finns noko fasit her. Så derfor meiner eg ein ikkje kan sei at setninga øvst er direkte feil. Det beste er vel å omformulere og spesifisere kva område det er snakk om for å unngå heile problemstillinga. Og sjølvsagt bør Vest-Europa utvidast med denne problemstillinga. --Frokor 22:04, 7 oktober 2007 (CEST)
Det er mange ikkje-indoeuropeiske språk i dagleg bruk i Vesteouropa, som arabisk og Kabylsk i Frankrike, tyrkisk i Tyskland, urdu i Storbritania, Noreg, osb. Men det som var meint var kanskje språk som har vore i bruk frå «Arilds tid»? Men det finst vel ikkje noko språk som kan kallast opphaveleg. Dei har alle utvikla seg eller vorte innførte. Språk som engelsk og fransk har begge ei etter måten kort histori. --Sigmundg 22:09, 7 oktober 2007 (CEST)

Det er fornuftig å skilje opprinnelege språk frå språk etter omlag 1500 (med kolonitida), så arabisk er irrelevant. Samisk, finsk og maltesisk, derimot, kan godt få ein parantes. Trondtr 23:53, 7 oktober 2007 (CEST).