Diskusjon:Beaska Niillas

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Beaska eller Beaskka?[endre wikiteksten]

Eg ser vi skriv Beaskka Niillas med Beaskka i genitiv, som jo logisk er rett form, men sjølv ser det ut til at han skriv Beaska i nominativ også føre førenamnet Niillas, t.d. på Facebook-profilen hans, sida hans hjå Sametinget, og nettstaden til NSR. Kven har definisjonsmakt over rettskrivinga av namnet til ein person om ikkje personen sjølv?

Eg set pris på innspel.

-- Tynnoel (ordskifte) 11. februar 2022 kl. 19:22 (CET)[svar]

Det er han som definerer. Dessutan kan det jo vere han ser på det som ei samansetjing heller enn som i det generelle tilfelle med farsnamn.gen eige_namn. I tillegg til at det er han som definerer kan det dermed også vere at artikkelen her tar feil om namnetypen. I all fall: Leksikonet si oppgåve må vere å spegle det namneberaren kallar seg. Trondtr (diskusjon) 12. februar 2022 kl. 13:06 (CET).[svar]