Diskusjon:Bilete av strykeinstrument

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skal me ha slike sider på Nynorsk Wikipedia? Er ikkje Commons til for det? (Mal:Commonscat) Helsing frå Martin 7. august 2009 kl. 00:19 (CEST)[svar]

Dersom ei galleriside blir halden vedlike slik at ho blir opplysande og oversiktleg (noko Commons ofte ikkje er!), trur eg ikkje det gjer nokon skade, snarare tvert om. Dei kan til og med hjelpa til med å identifisera instrument (og dyr, plantar...) om dei berre blir fylt ut og gjort ferdige. --Ranveig 7. august 2009 kl. 00:44 (CEST)[svar]
Men burde det ikkje vore eit galleri med celloar i den faktiske Cello-artikkelen, i staden for å ha samlesider? Helsing frå Martin 7. august 2009 kl. 12:25 (CEST)[svar]
Jau. Bilde i cello-artikkelen illustrerer cello. Bilde i Bilete av strykeinstrument illustrerer ulike strykeinstrument. Eg har prøvd å gjera dette tydelegar ved å legga til eit par bilde i denne samlinga. --Ranveig 7. august 2009 kl. 14:53 (CEST)[svar]
Eg ser absolutt poenget, og det er ei fin side, men poenget mitt er: Hadde det ikkje vore meir systematisk å oppretta slike sider som denne på Commons? Då ligg galleria der, medan Wikipedia har artiklar (sjølvsagt med bilde), med lenke til Commons. Helsing frå Martin 7. august 2009 kl. 23:43 (CEST)[svar]
Commons er rett og slett litt vel stort og uoversiktleg. Fleire av galleria eg har oppretta på Commons er blitt øydelagde gjennom at bilde er blitt sletta eller flytta til meir spesifikke artiklar. I tillegg er det så fleirspråkleg at ein artikkeln der ofte byrjer med ei side innleiingar på ulike språk -- om ein skal gjera det same i kvar bildetekst blir ikkje galleriet så lett å forstå heller. --Ranveig 8. august 2009 kl. 13:04 (CEST)[svar]