Diskusjon:Binding

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Binding» har fleire tydingar, og bør nok helst få ei fleirtydingsside. Kanskje denne sida bør kallast «Binding i grammatikk»? --Ranveig 18. januar 2010 kl. 22:26 (CET)[svar]

Ei side Binding (fleirtyding) får vi nok med tida. Binding i grammatikken er grei (om dei grammatikk-kunnige ikkje protesterer), men kanskje unødvendig tungvint. For konkurrentane skibinding, kjemisk binding morsbinding og tømmerbinding er det naturleg å ha under fulle namn. Og da kan vi sleppe konstruere langnamn her. --Knut 19. januar 2010 kl. 07:23 (CET)[svar]
Som grammatikar liker eg dette dårleg. I lingvistikken står "binding" for noko heilt anna, nemleg tilhövet mellom refleksive pronomen og antesedentane deira. Det det her er snakk om er bestemtheit. Trondtr 19. januar 2010 kl. 19:56 (CET).[svar]
Hmm, men Nynorskordboka taler deg midt imot... --Ranveig 19. januar 2010 kl. 22:15 (CET)[svar]
Olav T. Beito Nynorsk grammatikk 2. utg. 1986 er kanskje ikkje siste nytt innan grammatikken, men likevel: «Bestemtheit» er ikkje å finne i registeret der. Derimot les vi om «bunden» og «ubunden» form. Og er ikkje «binding» ei naturleg avleiing av desse innarbeidde orda?
Vi skal sjølvsagt gjere ting rett. Men aner eg ein konflikt mellom fagmiljø? --Knut 19. januar 2010 kl. 22:39 (CET)[svar]

Ikkje så mykje konflikt som revir, kanskje, men det eg reagerte på var skilnaden mellom normativ og aktuell språkbruk (eg skreiv hovudoppgåve om bindingsteori i 1989), og har også halde ein del på med NP-struktur (og dermed bestemtheit), og som morfolog, i undervisning og som lærebokforfattar med ordklassedefinisjonar. Denne bruken av termen "binding" såg eg for første gong i denne artikkelen i går. Men som du ser følgjer eg opp det normative og lar definisjonen stå, utan å flytte denne artikkelen, eg vil berre at vi gjer merksam på de facto-tydinga av ordet "binding" i den grammatiske faglitteraturen. For at dette skulle ha vore ein konflikt mellom fagmiljø burde det med andre ord ha vore eit fagmiljø å vere usamd med. Det har eg til no ikkje sett. Trondtr 20. januar 2010 kl. 10:30 (CET).[svar]

Når dette er sagt: I seg sjølv er ikkje binding noko dårleg val for det som på engelsk er definiteness. Poenget mitt var at eg aldri hadde støtt på denne språkbruken. Trondtr 20. januar 2010 kl. 10:32 (CET).[svar]
Omgrep som er meir brukt er vel "Bunden form" og "ubunden form". Eit artikkelnamn som "Bunden og ubunden form" har dermed fordelen at alle er samde om at det er rett og vil forstå kva det dreier seg om. Ulempa er sjølvsagt det litt lange namnet. --Ranveig 20. januar 2010 kl. 13:29 (CET)[svar]