Diskusjon:Blåbærlyng

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva er blåbær?[endre wikiteksten]

Artikkelen startar slik: Blåbær (Vaccinium myrtillus) er ein dvergbusk som høyrer til lyngfamilien..

Eg meiner at denne definisjonen er feil, og det meiner, viss vi ser etter, artikkelforfattaren og. I artikkelen står det nemleg at blåbær blir brukt til sylting og safting. Men eg har aldri sett saft eller syltety laga av dvergbuskar, som eg burde ha sett, viss definisjonen hadde vore riktig. For meg ser det dermed ut til at Vaccinium myrtillus er det same som blåbærlyng, som er ein dvergbusk som høyrer til lyngfamilien. På denne busken (på blåbærlyngen) veks det så blåbær. Eg gjer framlegg om flytting av artikkelen til Blåbærlyng. Trondtr (diskusjon) 1. september 2019 kl. 10:25 (CEST)[svar]

Enig i framlegget.
Store norske leksikon skriver brukbart [1] synast eg. (Blåbær-lyng, en plante som har en frukt som kallas "blåbær".) Den artikkelen har "Lisens - fri gjenbruk". Sju hav (diskusjon) 1. september 2019 kl. 10:38 (CEST)[svar]
Det er sikkert ikkje dumt å dela opp i ein artikkel om planten og ein om bæra, særleg sidan blåbær kan visa til bær frå ein del ulike artar. Dansk Wikipedia har til dømes ein eigen artikkel om bæra. --Ranveig (diskusjon) 1. september 2019 kl. 13:18 (CEST)[svar]
Eg merkar meg at Artsdatabanken nyttar blåbærartssida, men kor mykje tankeverksemd dei har lagt ned i namnetvalet veit eg ikkje. --Njardarlogar (ordskifte) 1. september 2019 kl. 21:48 (CEST)[svar]
Det betyr at det norske artsnamnet for plantearten Vaccinium myrtillus L. er blåbær, òg i samsvar med snl-artikkelen. Det kan vere ymnse syn på kva blåbærlyng er, for meg er blåbærlyng ei samling av planter av arten Vaccinium myrtillus L., med eller uten frukt, men ikkje legg vekt på det. --Roar (diskusjon) 3. september 2019 kl. 22:33 (CEST)[svar]
"Én blåbær-plante kan sies å være blåbær-lyng"; det er en måte å tolke artikkelen "Lyng", i Store norske leksikon. (For øvrig veit ikke jeg hvor høy standard den artikkelen har.) Sju hav (diskusjon) 4. september 2019 kl. 00:28 (CEST)[svar]

Eg har no delt artikkelen. Kvar for seg vart dei ikkje så store, men det kan dei kanskje bli. Trondtr (diskusjon) 3. september 2019 kl. 17:57 (CEST)[svar]