Diskusjon:Blodbadet i Melbourne

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den engelske artikkelen, som dette skal vere ei omsetjing av, heiter Blood in the Water match. Det høyrest ein del mindre dramatisk ut enn Blodbadet i Melbourne. Når artikkeltittelen så står linja over München-massakren og bombeåttak i navigasjonsmalen, som tek dobbelt så mykje plass som heile artikkelteksten, vert det useriøst, uleksikalt og tåpeleg. --89.8.16.65 27. november 2012 kl. 23:47 (CET)[svar]

Etter det eg kan sjå skriv dei «Blodbadet i Melbourne» på ungarsk. Artikkelen er plassert over München-massakren av di han ikkje har noko med massakren, boikottar eller dødsfall å gjere. No har det seg sånn at navboksen er større enn artikkelteksten av di det er lagt inn mykje i boksen, i tillegg til at artikkelen er kort. Om boksen er større enn sjølve artikkelen speler ikkje noko rolle. --Altijd (diskusjon) 28. november 2012 kl. 15:10 (CET)[svar]